TILRETTELEGGING FOR FRITID
Det starta i 1976. I oktober det året kalla Fylkesfriluftsnemnda i Rogaland, som var ei fylkeskommunal nemnd, inn til eit møte om interkommunalt friluftssamarbeid i Ryfylke. Alle Ryfylke-kommunane møtte, pluss representantar for kommunane Randaberg, Sola, Stavanger og Sandnes, og for organisasjonane Jæren Friluftsråd, Hold Skjærgården Ren-aksjonen, Fellesrådet for småbåtforeningene i Stavanger og Rogaland fylkeskommune, «dessutan var representanter fra pressen tilstede».
Problemstillinga var følgjande:
«Møtet dokumenterte en bred enighet om at problemene omkring den økende båtutfart i Ryfylke krevde avbøtende tiltak i form av sikring og tilrettelegging av spesielle områder. Tiltak må settes inn både for å lette belastningen for lokalbefolkningen og for å gi friluftsfolket et kvalitativt bedre tilbud».
Her får vi presentert både utfordringane som eit aukande båtliv førte med seg, behovet for betre tilrettelegging for å gjera båtturen til ei kjekk oppleving, og behovet for tiltak for å skjerme naturen og lokalsamfunna i område som var populære utfartsområde. Og så var spørsmålet korleis ein skulle ta i ferde med oppgåvene. Tre løysingar blei drøfta: Utviding av ansvarsområdet til Jæren Friluftsråd som var etablert alt i 1950, etablering av eit nytt Ryfylke friluftsråd, eller oppretting av eit fylkeskommunalt driftsorgan.
Etter ein høringsrunde hos alle partar, og drøfting i ulike organ, blei resultatet at fylkesfriluftsnemnda året etter (1977) inviterte til å skipe eit nytt Ryfylke friluftsråd. Alle Ryfylke-kommunane unntatt Sauda blei med, og dessutan dei fire kommunane på Nord-Jæren. Konstituerande årsmøte blei halde i mars 1978. Der blei det vald eit styre med 11 medlemmar. Harald Løland frå Suldal blei vald til formann. Sekretærfunksjonane, som så langt var ivaretatt av Per Frøyland Pallesen i fylkesfriluftsnemnda, skulle i ein overgangsperiode utførast av sekretariatet til Jæren friluftsråd. Mellom dei første oppgåvene det nye friluftsrådet tok fatt i var etablering av eit renovasjonsopplegg for dei mest brukte utfartsstadene, og arbeid for å sikre utfartsområde for ålmenta. Utgiftene første driftsåret (1978) var på smålåtne 70 000 kroner. Av dette gikk 2/3 til betaling av administrasjonskostnadane til Jæren friluftsråd.
Sidan har det badla på seg. I dag er Ryfylke friluftsråd ein velfungerande organisasjon med åtte tilsette, eit driftbudsjett på 8 mill, kr. og ansvar for eit førti-tal friluftsområde frå Kvitsøy i vest til Riskahavet og Lysefjorden i aust, frå Byøyane i sør til Sauda i nord.
Den første som blei fast tilsett var Johan Kåre Gjølme. Han fekk jobben som dagleg leiar i 1982, men var i kontorfellesskap med Jæren friluftsråd fram til 1986. Da fekk Ryfylke friluftsråd sitt eige kontor i Jåttåvågen.
Det gikk ei stund før det kom fleire. Men dette var på den tida det blei sett i verk ulike sysselsettingstiltak for å bøte på arbeidsløysa. Noen hugsar vel «rettedølane», arbeidsledige som fekk jobb etter ei ordning iverksett medan Arne Rettedal var kommunal- og arbeidsminister. Dei to friluftsråda, Jæren og Ryfylke, fekk 6 – 7 personar til saman. Dei fleste fekk jobb på jærstrendene, men det draup og noe på Ryfylke. Målet var at noen av desse skulle få fast jobb når kontraktperioden var over. To fekk det, ein på Jæren og ein i Ryfylke. Dermed var dei to i Ryfylke friluftsråd, og snart fekk friluftsrådet også ein tilsett i administrasjonen, og båt til å reise rundt med.
Det var eit nybrottsarbeid, fortel Gjølme, meir enn 30 år seinare. Dei måtte bygge opp ein organisasjon, få etablert høvelege fasilitetar for å kunne gjera jobben, og koma i gang med dei to hovudoppgåvene som var, på den eine sida å sikre område som kunne brukast til friluftsformål, og på den andre sida, å tilrettelegge og drifte desse områda slik at dei blei hyggelege å besøke og ikkje kom i konflikt med verken natur eller folk som budde i områda. Det var viktig å skjøtte områda på ein slik måte at ein ikkje øydela det som hadde gjort området attraktivt. Ein måtte få etablert brygger og toalett og rutinar for innsamling av søppel. Men verksemda blei møtt med velvilje. Folk var positive til å få utferdsla inn i ordna former, og tiltaka blei støtta både av kommunane, fylkeskommunen og staten. Gjølme framhevar Rogaland fylkeskommune som ei føregangsverksemd i arbeidet med tilrettelegging for friluftslivet.
I starten omfatta arbeidsområdet både heia og sjøen. Mellom dei første oppgåvene var å sikre område for parkering ved Mosvatnet i Suldal, der det begynte å bli mye skiutfart etter at det var bygt veg over heia og det hadde kome mange innflyttarar og hyttefolk som ville gå på ski. Det var friluftsrådet som sette i gang dei første tiltaka for å utbetre stien til Preikestolen og opparbeiding av sti til Kjerag. Dette skjedde i nært samarbeid med stiftinga Preikestolen, men da trafikken til Preikestolen fekk ein meir kommersiell karakter trekte friluftsrådet seg ut. Filosofien var at friluftsrådet kunne bidra i starten, men at andre kunne overta når grunnlaget var lagt.
1992 blei ein milepel. Da hadde friluftsrådet fått det nye administrasjonsbygget som dei framleis brukar, og dei hadde fått ein båt som var tilpassa det arbeidet dei skulle drive med. Her var Ryfylke friluftsråd i front mellom dei som dreiv med tilsvarande skjergardsteneste kring om i landet.
Johan Kåre Gjølme blei verande i Ryfylke friluftsråd til 2010, dei siste åra i redusert stilling i kombinasjon med eit rådgjevarengasjement i Miljøverndirektoratet og etter kvart pensjon.