Erfjord

I Erfjord lyser trea vårgrøne før noen annan stad, her er det varmaste badevatnet om sommaren, og om vinteren kan ein gå på skeiser både på Tyssefjorden og Bogsfjorden. Det siste er forresten ikkje så sikkert lenger, men ein treng ikkje ha levd så lenge for å hugse det.

Erfjord er den lune bygda lengst sør i det som nå er storkommunen Suldal. Erfjord har ei av dei stuttaste historiene som eigen kommune. Bygda blei skilt frå Jelsa i 1913 og innlemma i Suldal i 1965, men heimkjensla er sterk for det. Slik målber Magnus Våge Erfjord-kjensla i Erfjordsangen:

Erfjord, vår heimbygd, med fjell og med fjord,
tykkjest vel lita, for oss er du stor.
Heimen vår ligg her så ven under fjell,
hugnad han gir oss frå morgon til kveld,
Sumar og vinter i trivnad og trygd,
fagraste bygd!

«Kløver» gikk i mjølkeruta frå Erfjord til Sand fram til Ryfylkevegen var ferdig og det ikkje lenger var behov for mjølkerute på sjøen.

Erfjorden går rett aust frå Jelsafjorden med Bogsfjorden som ein arm mot nord på veg inn. Her har Friluftsrådet to friluftsområde. Lenger inne deler fjorden seg i fleire små vågar mot sør og den lange og djupe og fasinerande Tyssefjorden mot nord.

Det er fleire stader i Erfjord der småbåtar fint kan ankre opp. Årmannsvika ytterst i fjorden på nordsida er ein slik plass, i Farmannsvika på sørsida av Erøy og i Giljevika på austsida. Det er muleg å ankre i alle dei tre vågane på sørsida, Eiavågen, Midtvågen og Kilavågen. I botn av Kilavågen driv Erfjord Stamfisk oppdrett av smolt, altså ungfisk som skal settast ut i oppdrettsanlegga i sjøen. Erfjord Stamfisk er ein del av Grieg Seafood Rogaland. Mot nord er det fleire ankringsplassar rundt Erfjordholmen. Både i Erøyvik og i Hålandsosen er det gjestehavner.

Båten blei bygt i Erfjord i 1955, men seld da mjølkeruta opphørte. I 2016 blei ho henta heim frå Lysekil og i dag er det Paul Fylgjesvoll som tar vare på båten.