Lysefjorden

Lysefjorden strekker seg 4 mil (20 nautiske mil) inn i ­landet og er indrefileten i reiselivet i Ryfylke. Fleire hundre tusen ­besøker fjorden kvart år. Dei fleste vil til Preikestolen eller Kjerag, mange ser Lysefjorden frå dekket på ein cruisebåt. Dei fleste kjem for å sjå naturen, men vi kan vel tenkje oss at synet av bygningar langt oppe i fjellsidene får ein og annan til å utbryte eit «amazing» eller «incredible». Det mest ­overraskande er truleg at det har budd folk innetter fjorden. Minna etter dei som har budd der finst ennå, men dei er under harde angrep frå ver og vind. Noen stader blir tatt vare på som feriebustader, andre som lekk i forsøk på næring. I 2019, rett før Forsand kommune blei slått saman med Sandnes kommune, fekk kommunen laga ein kulturminneplan der fleire av bygningsmiljøa langs fjorden blei omtala.

Lysefjorden er lang og mektig og ein må ha god tid om ein vil gå inn med båt, men vågar ein seg på langtur er det mange fine opplevingar som ­ventar. Så mange naturlege havner er det ikkje langs dei stupbratte fjellsidene, og dei få bryggene som finst er anten private brygger eller rutebåtkaier. Men i innlaupet til fjorden er det marinaer på begge sider av fjorden, Lysefjord Marina på austsida og Lysefjordsenteret på vestsida.

Friluftsrådet har lagt til rette ei badestrand i Dørvika, og i Flørli er det full pakke for dei som reiser så langt. Heilt inst i fjorden ligg Lysebotn som har lagt til rette for stor tilstrøyming av turistar. Her er også ei gjestebrygge for småbåtar.

I rapporten om «Vakre landskap i Rogaland», og seinare i høringsutkastet til «Kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse i Rogaland», har Lysefjorden ein sjølvsagt plass. «Lysefjorden er med sine bratte, rette og tilnærmet parallelle sider og sin u-formede tverrprofil en av de mest karakteristiske fjorder som finnes, og er egnet som typeområde», står det. Og begeistringa stopper ikkje der: «Fjorden er et av Rogalnds mest storslåtte og særpregede fjordlandskap, og har meget særegne landskapselementer som Preikesolen og Kjeragveggen. Egenartede og harmoniske småbruk med gammel kulturmark ligger i sterk kontrast til stile, glattskurte fjellsider omkring».

Nå er ikkje alt idyll. Kraftige fjordspenn for å få vasskrafta fram frå kraftstasjonane til brukarane er godt synlege, skjeringar og fyllingar som følgje av vegbygging kan vera sjenerande, mange av gardsbruka framstår ikkje som riktig så idylliske når ein kjem tett på dei. Reiselivsbransjen står i spagat mellom det berekraftige og det kommersielle. Det må både vilje og evne til ei balansert utvikling om ein skal lukkast med å vidareføre dei verdiane Lysefjorden har som opplevings- og rekreasjonsarena.

Innlaupet til Lysefjorden er eit blidt og vennleg fjordstykke mellom Forsand og Oanes før ein kjem inn i den lengste og mest dramatiske av Ryfylke-fjordane