Krossfjorden

Krossfjorden er ikkje mellom det heftigaste satsingsområda til Friluftsrådet. Einaste tilrettelagte friluftsomårdet her er i Hellandshabn, heilt nord-vest på Ropeid-halvøya. Men det er likevel ein interessant fjord, eller eit heilt fjordsystem om ein vil. Ut frå Krossfjorden strålar fjordane i alle retningar, frå Nedstrandsfjorden i sør, til Vindafjorden nord- og austover, Yrkjesfjorden mot vest med Vatsfjorden som ein sidefjord mot nord, og så Sandeidfjorden inn mot Vikedal og Sandeid.

Her er vi i grenselandet for Ryfylke vil noen meine, medan andre vil seia at vi er ganske i sentrum av Ryfylke. I desse fjordane går kommunegrensene mellom Suldal i aust, Vindafjord i nord og Tysvær i vest. Etter den store kommunereforma i 1965, og den etter­følgjande organiseringa i planregionar, blei Vindafjord og Tysvær definerte ut av Ryfylke, men slik hadde det ikkje alltid vore, og framleis reknar mange vindafjordingar og tysværbuar seg som ryfylkingar. Saft- og syltetøyfabrikken i Hervik skriv framleis adressa «5566 Hervik i Ryfylke» på etikettane sine, men så er det og tredje generasjon fabrikkeigar, Tor Romseland, som driv fabrikken.

Vindafjord har snautt 9000 innbyggrar og er ein kommune i vekst. Ikkje like sterk vekst som i ­Haugalands-regionen, Vindafjord er framleis ein utkant, men har likevel vekst i motsetning til naboane lenger aust, Suldal og Sauda. Etter samanslåinga med Ølen i 2006 er industri og bygge- og anleggsverksemd blitt ei enda viktigare næring, men Vindafjord har framleis ei viktig landbruksnæring og sekundærindustri knytt til primærnæringane, som t.d. slakteriet til Fatland med 350 årsverk.

Fritids- og turistformål er ikkje noe stort satsingsområde i Vindafjord, og det er ikkje altfor tett med ­gjestehavner innetter frå Krossfjorden, men det er noen hyggelege plassar. I Vikedal har Vikedal båtforening båthavn med gjestebrygge med fleire fasilitetar. I Ilsvågen, på vestsida av fjorden lenger inne mot Sandeid er det god ankerplass for småbåtar.

Klassisk ferieaktivitet på bryggekanten i Imsland. Det er Theodor, Hedda, Erik og Emma som fiskar etter krabber.