Finnasand

Finnasand er inngangsporten til noe av det gjevaste vi har å by på av kulturminne i Rogaland. Og vi treng ikkje ta munnen for full om vi i staden for Rogaland skriv landet. Ein 20 minutts spasertur herifrå ligg Norges best bevarte kloster.

Finnasand er namnet på ein gard på Mosterøy, men det er og namnet på eit lite bygdesentrum kring Finnesandstraumen. Namnet kjem truleg frå ein liten, spiss fjellformasjon i nærleiken, som kan assosiere til ein finne (på fisk).

Utstein er det best bevarte klosteret i landet, og det er ope for alle som vil sjå.

På Finnasand er det god kai ved sida av Utstein Kloster hotell. Små båtar kan gå gjennom kanalen som skil Mosterøy og Klosterøy. Det kom det bru over kanalen første gongen i 1902 og det utvikla seg eit lite sentrum med landhandel, posthus og telegrafstasjon her.

Kanalen gjennom straumen har nok vore eit viktig samband mellom Mastrafjorden og Byfjorden, og i den gamle soga om Rennesøy prestegjeld frå 1938 påstår forfattarane at den gamle steinbrua over straumen «er visselig en af de eldste broer i landet».

Etter mye strev blei kanalen mudra opp, gamlebrua blei riven, og det blei bygt ny, moderne vippebru over straumen i 1902. Her utvikla det seg eit bygdesentrum. Jakob Finnesand dreiv landhandel med eit assortiment som omfatta både jordbruksvarer, olje og fiskeutstyr, her var posthus og telegraf, og i 1907 blei bedehuset frå Bø i Sørbø flytta hit. I 1939 blei det ein større ­vekkelse i ­kretsen som gjorde at det blei behov for eit større bedehus.

Når du i dag kjem til Finnesand er det brygga og parkeringsplassen ved Utstein kloster hotell som er dei naturlege landingsplassane. Herifrå er det eit godt utgangspunkt for besøk både på Klosterøy og Fjøløy, men til Fjøløy er det og lageleg tilkomst frå brygga i ­Vinnarvika, på vestsida av øya, rett nedom Fjøløy fort, eller frå parkeringsplassen ovanom fyret.

Utstein er både kloster og gard. Klosteret er ope for publikum på nærmare kunngjorde tider, medan garden er ei aktiv landbruksverksemd. Ein del produkt frå garden, og andre stuttreiste varer, blir seld i ein gardsbutikk som er innreia i eit naust rett nedom klosteret.

Drikkevann - Drinking water Fiske - Fishing area Fritidsfiske for HC - Fishing area facilitated for HC Gjestebrygge - Guest pier Infoskilt - Infosign P-plass - Parking Rasteplass - Picknic area Steinbrygge - Stone pier Turvei - Foot path
  • torsdag

    7 ms
  • fredag

    7 ms
  • lørdag

    9 ms

Hele kaiområdet er allment tilgjengelig. Du kan også legge deg ved kaien ved Utstein Kloster Hotell. Er det fullt langs kaien, kan du legge deg på svai midt i bukten.

Finnesand er et flott utgangspunkt for å besøke Utstein kloster og Fjøløy, eller for å spise eller overnatte på Utstein kloster hotell.

Utstein Kloster Hotell er også en god anledning til å slukke både tørst og sult, hvis det skulle være behov for det..

[Ut.no for Mastravarden]


Boka: I Fjordane - Ryfylke Friluftsråd Tekst og bilder fra boka:
I Fjordane - Ryfylke Friluftsråd Tekst - Roy Høyby
Foto - Lise Bjelland
Les mer om boka her