Eidsholmen

Ombo har vore ei delt øy, men med godt sam­arbeid mellom Finnøy og Hjelmeland så lenge dei var to om det. Nå er heile øya del av Stavanger kommune og det er ingen tvil om kven som må betale. Eidssund, på den sør-vestre delen av øya, har lenge vore eit sentrum for øya, sjølv om det også er rutebåtsamband til Hjelmeland på austsida. Eidssund er eit kommunikasjonsknutepunkt og her er det både butikk med ­publikumsvennleg vertskap, samfunnshus og oppvekstsenter for heile øya.

Eidsholmen er holmen som ligg og vernar sundet mot vest. Her har Friluftsrådet ein plass der ein kan fortøye og telte, bade og fiske. Ved ferjekaien på andre sida av sundet, rett nedom butikken, er det gjestehavn med alle fasilitetar.

Eidssund er eit godt utgangspunkt for mange flotte turar på Ombo. Nærmast Eidssund ligg helleristningsfeltet på Løland, og opp i skogen dei to store eikene som skal vera mellom dei største i landet. På Kindingstad, på sør-austsida av øya, ligg Borgaråsen med ein av dei best bevarte bygdeborgane i Ryfylke. Bandåsen, på nord-austsida, er den høgaste fjelltoppen på Ombo, men dit er det langt. Er Eidssund utgangspunktet er det eit lettare tilgjengeleg utsiktspunkt på Solbergfjellet. Stien tar av frå hovudvegen nordover mot Jørstadvågen, og er ein nokså lettgått tur.

Badeplass - Swimming area Båndtvang for hunder - Dogs in leash Fortøyningsbolter - Mooring bolts Fiske - Fishing area Teltplass - Camping site
  • tirsdag

    3 ms
  • onsdag

    2 ms
  • torsdag

    2 ms

Flott holme med badestrand og teltplass på utsiden mot Nord Hidle.

Passer også som destinasjon for kajakkpadlere, med kun 5-10 minutters padletur inn til Eidsund på Ombo. Eidsund har bryggeanlegg, nærbutikk, toaletter og mulighet for å fylle vann.


Boka: I Fjordane - Ryfylke Friluftsråd Tekst og bilder fra boka:
I Fjordane - Ryfylke Friluftsråd Tekst - Roy Høyby
Foto - Lise Bjelland
Les mer om boka her