Riskahavet

Mange får sterke kjensler og nærkontakt med barndomen når dei hører ordet Riska, eller Hommersåk, eller helst ­Hommersand som mange i Stavanger sa. Dei tenkjer på ferie og turane med Riskafjord. Riskalandet blei det ­nærmaste ferielandet til Stavanger-folk. Turen over Riskahavet frå ­Stavanger til Hommersåk med mellomstader tok ein time. Og så heiter det ikkje Riskahavet, men dei sa det. Det offisielle namnet er Riskafjorden.

Både Riska og Hommersåk var gamle gardsnamn. Riska blei namnet på kyrkjesoknet og Hommersåk namnet på tettstaden og sentrumet i bygda. Her var det eit bygdesamfunn der folk levde av jordbruk og fiske, og etter kvart handverk og industri, før rekreasjonshungrige byfolk begynte å gjera seg gjeldane både på sjø og land.

Friluftsrådet har lagt til rette for båtfolket på tre stader langs Riskalandet; Vadholmen (Usken), Litle Teist­holmen og Tingholmen. I tillegg er det eit flott turområdet i Bymarka nord for Dale, og det er ein fin badeplass i Holmavika, sør for Dale. Vi skal straks koma nærmare inn på historia til noen av desse plassane, men først litt om reisa over «havet» og sentrumet i bygda.

Riskalandet blei det nærmaste ferielandet til Stavanger-folk. Turen over Riskehavet frå Stavanger til Hommersåk med mellomstader tok ein time. Bildet er frå Lauvåsvågen som huser eit bygningsmiljø der eit fleirtal av nausta er vurderte som verneverdige.

RISKA

Riska har gitt namn både til fjorden, kyrkja og båten. Men kva namnet kjem av er meir uvisst, kanskje er det ikkje anna enn eit bekkenamn. Riska er den sentrale garden på flatene mellom Lifjellet i vest og fjella mot Høle i aust. Han ligg i den slake skråningen opp frå sjøen i ­skjeringspunktet mellom Høgsfjorden og Gandsfjorden. Det gamle gardstunet låg berre 15 – 20 meter over havflata, der husa på dei fire gardsbruka som utgjorde garden eit stykke ut på 1800-talet, var samla i eit klyngetun.

Det er gjort funn på garden som viser at dette er eit gamalt busettingsområde. Da det blei gjennomført ei registrering av fornminne i Riska rundt 1900 blei det gjort eit stort tal funn i heile området frå sjøen opp mot Heiå og like ned til Lutsivatnet på andre sida. Dei eldste funna var frå steinalderen, truleg frå tida mellom 4000 og 5000 år f. Kr. Riska har altså ei lang historie som bustad for folk. Attåt det jorda ga, låg det godt til rette for at folk på Riskagardane kunne skaffe seg gode inntekter gjennom deltaking i fisket.

Riska hørte opphavleg til Høle skipreide og tinglag, men blei på 1600-talet overført til Gand skipreide, og bygdelaget var del av annekssoknet «Vor Frue» under ­Stavanger prestegjeld. Riskafolket måtte ro like til ­Stavanger og ta seg opp til domkyrkja når dei ville til messe. Den lange vegen over fjorden førte til krav om eiga kyrkje og meir sjølvstyre.

Da formannskapslova kom i 1837 og landet skulle delast inn i kommunar, blei Riska del av Hetland, men det blei bestemt at Riskakverven skulle få status som sogne­kommune med eiga kyrkje, skule og fattigvesen. Riska kyrkje blei reist i 1877. Under den store kommune­reforma etter andre verdskrigen, som blei sett i verk i 1965, blei Riska ein del av den nye storkommunen Sandnes.