Peisaren

Peisaren er ei lun badevik sør på Vassøy og ein stad på turstien rundt øya. Men iflølge Erik Thoring som har skrive ei guidebok til turområde i Stavanger, var det også eit namn som blei brukt på eit gardsbruk sør på øya og som var i bruk på 1860-talet. I Stavanger byleksikon blir Peisaren brukt som namnet på holmen som ligg i sundet mellom Vassøy og Vassøykalven. Friluftsrådet har bygt ei fin hengebru over til holmen. Rundt århundreskiftet var det fem hus på Vassøy, 60 år seinare var hustalet tidobla.

Vassøy er ein del av lyngheilandskapet langs ­kysten, men er også vert for noen av dei siste torvmyrene i ­Stavanger. I samband med planlegging av framtidig bustadbygging på austsida av Vassøy, er det bestemt at Torvmyrå som ligg opp frå Vassøy skule, midt på øya, skal vernast. Her er det eit stor tal insekt og planter som er tilpassa livet i vatn, men torvmyra var også ein viktig ressurs der det blei skore brenntorv til eit stykke inn på 1930-talet.

Området ved Peisaren er ikkje tilgjengeleg for fritidsbåtar, men eignar seg godt som landingsplass for kajakkpadlarar, og er ein fin stopp på turen for dei som tar rutebåten til Vassøy og brukar stien som turmål. Sjølv om også Vassøy manglar fastlandssamband, er det mye sterkare busetting her enn t.d. på naboøya Langøy. All busetnad ligg på vestsida av øya. Innbyggartalet er kring 700 og øya har eigen barneskule. Vassøy blei sjølvstendig skulekrins alt i 1897 og fekk eige skulehus i 1902.

Ein kan føre busettinga på Vassøy tilbake til steinalderen, sjølv om det neppe har vore samanhengande busetting på øya heile tida. Levevegen har vore jordbruk og fiske. Vassøybuen var godt lokaliserte for å ta del i både sild- og brislingfisket, seinare i reketråling.

Det er Hogne og May Bertelsen som driv bunkringsstasjonen på Vassøy. Tor Inge Larsen får fylt opp dieseltanken.

På 1900-talet var det og tillaup til industrialisering. Hermetikkfabrikken Vassøen Canning Co. blei etablert i Makkavågen i 1916. Men det var ein liten fabrikk, og kanskje ingen stor økonomisk suksess. I 1930-åra blei produksjonen redusert og ein del av utstyret selt. Men såg jenoppsto fabrikken i 1950, da Emil Vassøy, son til ein av dei opphavlege stiftarane registrerte firmanamnet på nytt, nå som Vassøy Canning, og starta med hermetisering av blåskjell, reker og andre skaldyr.

Etter kvart blei det og vanleg å pendle til arbeid i byen. Rutekaien blei på 1950-talet flytta frå Makkavågen til sin nåverande plass i Jonevika, lenger nord. Det var eit stort framsteg da dei fekk bilferje. «Bilferjå kom i 1972», fortel Turid Trondsen, gammal vassøybu som fortalde om gamle dagar i 17. mai-talen på Vassøy skole i 2011. «Før bilferjå kom, måtte me leia skjøtta eller lekter for å få ting heim. Når någen bygde hus, kom heile huset på ein gang, så det va litt av et sled å få allt te byggeplassen. Grunnmur blei laga av blokker. Alt så sko støybas, måtte blandas med hånd, eller reia.»

Byøyane er ein viktig del av kystland­skapet på Sør-Vestlandet, med lyngheier og torvmyrer. Medan andre byer har skogar og fjell, har Stavanger eit unikt kystlandskap lett utafor stovedøra. Bildet er frå Torvmyrå på austsida av Vassøy.

Rett opp frå Makkavågen ligg eit av dei eldste gardshusa som står att på Vassøy, våningshuset på Sørvik, som blei bygt ein gong i siste halvdelen av 1800-talet.

Den største veksten i busettinga kom etter at ­Hetland kommune blei ein del av Stavanger i 1965 og oljealderen førte til byvekst som også fekk følgjer for noen av byøyane. Eksisterande bustadområde blei fortetta, og jordbruksområde blei lagt ut til bustadfelt. Delar av Vassøy framstår nå som tett forstadsbebyggelse med einebustadar. Ein del av den opphavlege bebyggelsen er registrert for vurdering av verneverdi, andre, eldre hus er moderniserte på ein måte som har gjort at ein del historiske særtrekk har gått tapt, men fordi Vassøy ikkje har fått fastlandssamband har både landskapet og bebyggelsen sterkare preg av det opphavlege kultur- og naturlandskapet enn øysamfunn som har fått fastlandssamband.

Badeplass - Swimming area Båndtvang for hunder - Dogs in leash Grill eller bålplass - Barbecue or campfire place HC-toalett
  • onsdag

    6 ms
  • torsdag

    4 ms
  • fredag

    6 ms

Peisaren ligger helt sør på Vassøy, nordøstfra Stavanger sentrum. Vassøy er tilgjengelig med ferge og hurtigbåt hvis du ikke har egen båt. Området driftes av Ryfylke Friluftsråd, med god støtte fra en aktiv lokal velforening som allerede har gjort en stor jobb i området. Vi håper å kunne bidra til å utvikle området videre til å inkludere begge Vassøykalvene. Slik vil det ordinære båtfolket også få god plass mellom Lille og Store Vassøykalven. ...men pass på, det er grunt!!


Boka: I Fjordane - Ryfylke Friluftsråd Tekst og bilder fra boka:
I Fjordane - Ryfylke Friluftsråd Tekst - Roy Høyby
Foto - Lise Bjelland
Les mer om boka her