Øyra

Sentrum i Sauda, frå gammalt Øyra eller Øyrå, nå meir By´n, er eit interessant og ganske godt bevart minne om ein industriby som blei bygt opp på ganske stutt tid på 1920- og 1930-talet. Det er dess meir ein aktiv og vital småby med mange attraksjonar både for shopparar og for dei som berre vil ha seg ein kopp kaffe med noe attåt, eventulet noe meir substansielt.

Riksantikvaren har tatt Sauda sentrum med i sitt oversyn over bymiljø av nasjonal interesse. I kommentarane til plangrunnlaget for kommuneplanen 2018 - 2030 har både Rogaland fylkeskommune og Fortidsminneforeningen lagt særleg vekt på kulturminneinteressene i sentrum.

«To convert a typical farming community into an industrial town is not expected done overnight, but the central part began to assume the appearance of a ­business section surprisingly soon», skriv A. S. Danielsen i sitt historiske oversyn over framveksten av Sauda som industristad. Det var noen butikkar frå før. Desse blei raskt utvida og moderniserte da eigarane såg at marknaden voks. Nye forretningar kom til, og staden blei verkeleg konstituert som ein moderne stad da det nye rådhuset var ferdig i 1940.

FRÅ BYGDEBY TIL INDUSTRISTAD

Vi har sett at det var Saudasjøen, Ytrebygda, som var ­sentrum fram mot midten av 1800-talet. Det ser ut som det var «Lov om Udvidelse af Handelsfriheden paa ­Landet» frå 1860 som fekk fart i handelsnæringa i Sauda. Ut på 1860-talet er det fleire som kallar seg handelsmenn i Sauda, og nå er det Fløgstadøyrå og Vangsnes, det nå­­verande sentrum, som seglar opp som handelssentrum i bygda. Flytting av kyrkja var og med på å konstituere det nye senteret. Tyngdepunktet i bygda tok til å flytta seg.

I 1916 var det behov for ein reguleringsplan for Øyrå, men det viste seg at det første forsøket ikkje var særleg tenleg. Ny reguleringsplan blei utarbeidd i 1928, og denne kom i større grad til å legge premissane for den vidare utvikling av sentrumsområdet. «Den vesle spiren til ein bygdeby som fanst på Øyrå i siste helvta av 1800-talet, fann god grobotn i anleggstida og voks seg ut i full blomst i dei næraste tiåra etter at omnane på fabrikken var komne i drift», skriv Arnvid Lillehammer i bygdesoga. Lillehammer peikar på at behovet for eit eige namn på bygdebyen var oppe til drøfting i 1925, men det blei ikkje noe resultat av drøftinga, og folk har brukt både Øyrå, «på byen» og «i sentrum».

Utover på 30-talet kom det fast dekke på noen av gatene, og gatelys somme stader. Det blei sett ned nemnder for å setta namn på gatene. I sentrumsnære område voks det fram nye bustadfelt. Det var fleire titals hus som blei sette opp på Øyrå og ikringliggande område på slutten av 1920- og utetter på 1930-talet. Vinteren 1931 blei det rekna opp seksti kjøpmenn og forretningsdrivande i Sauda, langt dei fleste på Øyrå. Og det var bustadar, hotell, spesialforretningar, skomakarar, bakeri, bokhandel, kino, post og telegraf.

Ikkje minst var det kafear. Torgeir Vetti har skrive ein artikkel i årsskriftet til sogelaget der han gjer greie for ikkje mindre enn 20 kafear, pluss «andre pensjonat og kafear». Tone Årtun følgjer opp i same årsskriftet med omtale av fire kafear i Hellandsbygd og på Minnehaugen. Ingen av dei reflekterer over kva som kunne vera grunnlaget for det store kafetilbodet, men Arnvid Lillehammer peikar på at det var mange einslege mellom dei nye arbeidarane, dessutan var det mange arbeidsledige i mellomkrigstida. Kafeane var ein møtestad for desse, og eit næringsgrunnlag for andre, sjølv om ein vel kan tenkje seg at næringsgrunnlaget kunne bli noe magert om ein satsa på dei arbeidsledige.

Det var Ytrabygdå, Saudasjøen, som hadde hotella. Det var der turistane flokka seg. Da industrien kom med nye behov for å leige seg rom, var det frå først berre rom i privathus som var å få. Men i 1915 kom Sandbuen Christian Bakke til Sauda med god kunnskap om drift av hotell. Han kjøpte materialane etter Sellands hotell på Nesflaten, som alleire hadde vore flytta ein gong, fekk dei frakta til Sauda, og var ferdig til å kunne invitere gjester sommaren 1916. Nesten samtidig kjøpte Albert Jensen det tidlegare sanatoriet i Saudasjøen og sette det opp att som Saude Hotell litt lenger opp i Rådhusgata. Dette blei seinare Sauda Hospits. Bakke bygde enda eit hotell i Brugata, Christian Bakkes Hotel. Dette blei i 1921 seld til Samorganisasjonen, og blei det første Folkets Hus i Sauda. Det yngste av hotella på Øyra er Kløver Hotel som blei bygt i 1980 på tomta etter meieriet som brann i 1977.

Vi ser at det på ganske stutt tid voks fram ein stor bygningsmasse på Øyra, og som etter kvart dekka alle dei funksjonane som det var behov for i ein aktiv og vital industristad. Mange av bygga står ennå i dag, og ei ­vandring i sentrumstrianglet Rådhusgata – ­Brugata – ­Skulegata gir ei fin oppleving av den tidlege industristaden.


Boka: I Fjordane - Ryfylke Friluftsråd Tekst og bilder fra boka:
I Fjordane - Ryfylke Friluftsråd Tekst - Roy Høyby
Foto - Lise Bjelland
Les mer om boka her