Mastrafjorden

Mastrafjorden er fjorden mellom Rennesøy og Mosterøy. Fjorden har fått namn etter Mosterøy. Ryfylke friluftsråd har tre ulike anlegg her, i Reianesvågen nord-vest på Rennesøy, på Finnesand, ved sundet mellom Mosterøy og Klosterøy, og i Vinnarvika ved Fjøløy fort og Fjøløy fyr vest på Fjøløy. Vi tar også med Brimse i dette kapitlet. Brimse ligg rett nok ikkje til Mastrafjorden, men var ein del av gamle Rennesøy kommune.

Alle desse øyane, og Askje, Sokn, Bru og Vestre Åmøy var det som utgjorde Rennesøy kommune til kommunen blei ein del av nye Stavanger ­kommune ved inngangen til 2020. Men framleis lever Rennesøy vidare som namn på bydelen. For folk som bur på øyane er det nok like relevant å identifisere seg med øya dei bur på.

Samtidig er det ikkje sikkert kjensla av å bu på øyar er like sterk som ho var. Det var på Rennesøy den samferdslerevolusjonen starta som handla om å bytte ut ferjesambanda med undersjøiske tunellar. Da Mastrafjordtunnelen og Byfjordtunnelen blei opna for trafikk 30. november 1992 blei øybuane brått landfaste med Nord-Jæren og Stavanger og kunne reise til og frå når det måtte passe. Berre Brimse blei liggande att utan fastlandssamband.

Øybuane var vel kjente med byen frå før. Det var gode ferjesamband, så gode at mange kjempa for å behalde ferja. Men tunnelane førte til eit akselererande hopehav med byen, som i grunnen gjorde det nokså naturleg at øyane etter kvart blei ein del av byen. Heile 1500 av dei 2500 sysselsette, 60 prosent av dei sysselsette i Rennesøy pendlar til andre stader, vesentleg til Stavanger. Samtidig går det ein straum av folk den andre vegen, folk som finn det attraktivt å busetta seg på øyane. Dei som gjer det tykkjer dei får det beste av både byen og bygda. Tett på sjø og natur og stutt veg til byen.

Det var eit allsidig jordbruk i Rennesøy, og er det ennå. Øyane i Rennesøy er mellom «tomatøyane» i Ryfylke. Drivhusproduksjonen har ei lang historie på øyane, og den nye storkommunen Stavanger, som også omfattar Finnøy, troner på toppen av seierspallen for tomatprodusentar her i landet.

Det gamle sentrumet i Rennesøy var Vikevåg.

I dag er Vikevåg ein av stadene der bustadbygginga har vore sterkast dei siste åra. Vikevåg er framleis eit levande sentrum på Rennesøy, med butikkar, tenestetilbod og kulturhus. Men for folk på dei andre øyane kan det vera like snart å ta ein tur til byen. Det skaper utfordringar for dei som ønskjer å ta vare på øyafellesskapet og tilhøringa til øysamfunnet. Det er ein del gjennomtrekk i dei nye bustadfelta, kanskje har ikkje øybuane vore så merksame på eigen identitet og lokale særtrekk? Det er Bjørg Kristin Helland Bø som ­stiller spørsmålet. Ho har drive det kommunale biblioteket i 46 år og er, om noen, opptatt av korleis lokalsamfunnet skal stelle seg for å møte dei utfordringane eit tettare samband med byen fører med seg.

Det var til Rennesøy
dei første menneske kom
da istida gikk mot slutten.

I eit kulturhistorisk perspektiv er vi i kjernen av forhistoria for Rogaland og landet forøvrig. Det var til Rennesøy dei kom, dei første menneska, etter at isen begynte å trekke seg tilbake. Dei kom over havisen frå kontinentet om våren og gikk heim att når isen la seg om hausten, før dei fekk båtar som gjorde at dei lettare kunne ta seg over havet. Men da var det kanskje ikkje så viktig å reise heim att om vinteren heller. Meir om dette under omtalen av Reianeset seinare.