Jelsafjorden

Jelsafjorden er den opne strekningen mellom Ombo i sør og Foldøy og Jelsa i nord. Her tar både austavinden og vestavinden, men bergar ein seg over fjorden, ventar det fine og interessante havner på nordsida. Friluftsrådet inviterer til landligge både på Barkaneset, neset som stikk ut i Jelsafjorden ved innlaupet til Økstrafjorden, og ved Skadholmane inne i Økstrafjorden. På Jelsa tilbyr Jelsa Båtforening gjesteplassar innafor moloen ved den gamle strandstaden. Det er også gjestehavn ved Foreneset, på austsida av fjorden like innafor Barkaneset.

DEN BEST BEVARTE STRANDSTADEN

Jelsa er ikkje mellom dei største og mest vitale strand­stadene i Ryfylke, men det er nok den best bevarte. ­Kanskje fordi staden stagnerte utover på 1900-talet og mista sin sentrale posisjon som trafikknutepunkt. Men først: Kva er i grunnen ein strandstad?

I 1995 inviterte Hjelmeland kommune og Ryfylke­museet til seminar for å finne ut av dette. Eller: det ein ville løfte fram i samfunnsdebatten var om strandstadene, desse kvitmåla tettstadene som klamra seg fast til strendene innetter Ryfylke-fjordane, og der ein kvar tilreisande umedvite spurde seg kva folk levde av, hadde dei ei framtid? Ei av dei som var invitert for å bidra til debatten var Eir Grytli som arbeidde med ei doktoravhandling om strandstaden Surnadalsøra. Ho fann at nemninga strandstad hadde ei nokså vid tyding. I romslegaste forstand «et sted ved stranda», eventuelt ein stad der det bur strandsittarar, men med noen felles kriterier:

­Eldre type tettsted
Beliggenhet ved saltvann, fortrinnsvis
i fjordstrøk
nutepunkt, senter for omland
Havnefunksjonen sentral
Sammensatt næringsgrunnlag
Ikke jordburk som hovednæring
Beboelse, ikke bare næringsbygg