Økstrafjorden

Til og med den elles så nøkterne «Den norske los» har latt seg begeistre av Økstrafjorden. Fjorden «…er et av de fineste områdene i Ryfylke», står det. Og Friluftsrådet sjølve er ikkje mindre begeistra. Det er «den vakreste og luneste fjorden i Ryfylke for alle former for båtliv», reklamerer dei. Her er fine svaberg, område med grøn grasvekst og furuskog, eit levande kulturlandskap og mange stader å ankre, fortøye eller legge til.

Det er vakkert også lenger inn i Økstrafjorden, og gode utvegar for ankring, men det er berre holmane som er regulerte og verna som friluftsområde. Dette er eit vakkert landskap med ein trong fjord omgikk av slake og skogkledde sider. Rik furuskog og fleire varmekjære arter gir ein frodig vegetasjon som går heilt ned til strandkanten.

På fine sommardagar kan det ligga tett med båtar ved Skaholmen og Bergaholmen

SKAHOLMEN OG BERGAHOLMEN

Når ein har passert Foreneset på austsida av fjorden, og kome seg gjennom Hestholmsundet (ver obs på sterk straum ved stigande og fallande vatn), utvider fjorden seg og ein får Bergavika (også kalla Grønnevikjå) på babord side skilt frå hovudlaupet i fjorden med Skaholmen og Bergaholmen. Her har Friluftsrådet eit flott tilrettelagt friluftsområde. Sjølv kallar dei området for eit av dei finaste anlegga for friluftsformål i indre Ryfylke. Det er mange ringar å fortøye i, det er bygt små trebruer mellom holmane og det er tilrettelagt med alle fasilitetar for besøkande.

Historia til staden er knytt til husmannsvesenet. Det var mange husmannsplassar under storgarden Barkeland. Dei fleste låg ned mot sjøen og ut på Barkaneset, men Berget og Nylund låg ned mot Bergavika. Dit tar det av ein veg frå Økstrafjordvegen, men det er ikkje veg heilt ut til holmane. Berget (eller Bergjet som er den lokale nemninga) var ein viktig plass, for her budde sag­meisteren på Barkelandssaga som sto i bekken rett innafor. Plassen Bergjet var i kontinuerleg drift frå 1670 til 1937. Sidan har det vore sommarbustad. Nylund er ein plass like ved, men huset som sto der blei flytta over vika og tatt i bruk som hytte i slutten av 1930-åra.

Nå er det ikkje husmannsplassane som har gitt Økstrafjorden ry som velstandsfjord. Lengst inne i ­fjorden ligg gardane Økstra og Romsbotn. Økstra er den eldste og den desidert største. Namnet Økstra er tolka som vilter eller ustyrleg. Inst inne i botn av fjorden ligg Sagjå, og vi forstår at det var skogen og saga som var grunnlaget for velstanden. Bygdebokskrivaren, Ernst Berge Drange, som vi lener oss nokså tungt på i ­forteljingane om ­gardane, peikar ut Per Gudmundsen Økstra (1818-1890) som ein god representant for dei mange generasjonar av storbønder på Økstra. «Kaksar» kallar han dei. Per Gudmundsen Økstra kom frå storgarden Håland, gifta seg til Økstra i 1847 med Anna Andersdotter Økstra. «Som vanleg i dette sjiktet av velstandsfamilier, var dei to i slekt. Da Per let Økstra over til eldstesonen ­Gudmund, byrja han for alvor byggja opp Romsbotn, som lenge hadde lege under Økstra, driven av paktarar. Han er stamfar for folka både i Romsbotn og i Økstra i dag», skriv Drange.

Badeplass - Swimming area Båndtvang for hunder - Dogs in leash Fortøyningsbolter - Mooring bolts Fiske - Fishing area Gangbru - Bridge Gjestebrygge - Guest pier Grill eller bålplass - Barbecue or campfire place Infoskilt - Infosign Avfallskonteiner - Waste container Ombord- og ilandstigningsbrygge Rasteplass - Picknic area Toalett - Toilet Tursti - Footpath
  • lørdag

    3 ms
  • søndag

    5 ms
  • mandag

    2 ms

Skaholmen Berget i Økstrafjorden er et av Friluftsrådets fineste anlegg i indre Ryfylke. Følg lykta på Barkeneset som viser veien inn til Økstrafjorden. På vestsiden ligger Skaholmen Berget med svaberg, nes, holmer, bukter, viker og sund.

Her er flotte havneforhold med små broer som binder de ulike småholmene sammen. Her kan en blant annet se jettegryter. På begge sider av Bergaholmen er det satt ut bolter. La vindretningen avgjøre hvilken side du legger deg på. Bryggen på østsiden er en ilandstigningsbrygge.


Boka: I Fjordane - Ryfylke Friluftsråd Tekst og bilder fra boka:
I Fjordane - Ryfylke Friluftsråd Tekst - Roy Høyby
Foto - Lise Bjelland
Les mer om boka her