Sandsfjorden

Sandsfjorden krokar seg mellom skogkledde lier, øyar og ­kollar og rundt lune bukter og utstikkande nes. Der fjord­bassenget opnar seg att stikk Lovrafjorden ut rett sør, og forbi Sand og Tongjen, der Saudafjorden held fram nordover, ­strekker den lange og bratte Hylsfjorden seg austover. Noen stader ligg det gardshus og hytter, og noen stader ansamlingar av hus som har fungert som bygdesentra i manns minne og lenger enn det. Midt i fjorden, der alle fjordane møtest, ligg Sand, «perlå i Ryfylke» for dei som har det stødigaste ­forholdet til eit lokalt opphav, men i dag også eit kommunesenter med eit mangfald av innbyggarar frå alle kantar av verda.

Friluftsrådet har to tilrettelagte friluftsområde i Sandsfjorden, Sjubbeholsvågen ved innseglinga til Vatlandsvåg og Einersneset i Nordenden på Sand. Men her er og andre stader som kan vera verdt eit besøk. Vi skal seia litt om alle. Men vi må starte med innseglinga til fjorden. Vi skreiv om Jelsa på austsida av fjorden tidlegare i boka. På andre sida fjorden ligg Hebnes, ein plass for storfolk i den gamle historia.

HEBNES

Hebnes er ein av storgardane i Ryfylke, strategisk plassert på neset mellom innlaupa til Vindafjorden og Sandsfjorden. Hebnes er den størte matrikkelgarden i Suldal kommune, og ingen stader har det budd meir fram­ståande, historiske personar. «Hebnes er eit rike for seg, vakkert, fritt og ope…», skriv bygdebokskrivaren Ernst Berge Drange om Hebnes. Det var ein gard som tidleg blei delt opp i fleire bruk og som i dag meir framstår som ei eiga grend.

Det er ikkje mindre enn 13 gardstun på Hebnes i dag, og 23 plassbustadar eller leigetomter med hus og tun. Fleire av våningshusa på gardane blei registrerte som verneverdige da det blei gjennomført ei større registrering av eldre bygningar i Norge på 1980-talet. Vil ein ta seg ein tur for å sjå på dei er det utveg til både ankring og fortøying i Leirvika på nordsida av Varnes. Herifrå er det berre ein stutt spasertur ut til rutebåtkaien eller opp til gardane.

La oss ta folka med ein gong: Bygdebokskrivaren tenkjer det kan ha vore ein høvdinggard alt i bronsealderen. Ein av dei aller største gravhaugane i Rogaland låg sentralt plassert midt i det gamle hovudtunet på hovudbruket, Storstova. Haugen er framleis godt synleg, men han er utgraven, mye stein er fjerna og byggearbeid rundt haugen har gjort noen inngrep i han. Det er ei rekke andre gravhaugar kring om på Hebnes, og steinsettingar og groper som vitnar om stor aktivitet langt tilbake i historia.

Spora frå fortida, saman med funn av noen enkeltgjenstandar, er minne om det som Drange meiner må ha vore ei fleire hundre år lang høvdingetid på Hebnes, gjen­nom både vikingetid og mellomalder.

Tidleg på 1200-talet dukkar Torstein frå Heimnes opp. Han var ein av dei store høvdingane i birkebeinar­hæren og merkesmann for Håkon Håkonson. Mest kjent er han frå slaget i Oslo i påska 1240. Dette var eit slag som blir rekna som avsluttinga av borgarkrigstida i Norge, og her var altså Torstein Heimnes med. Ikkje berre var han ein djerv og sterk merkesmann, men i soga om Håkon Håkonson blir han og omtala som ein klok og velutdanna mann. Torstein Heimnes var ein a­v dei mektigaste i landet.

I 2002 blei det avduka ein minnestein for ­Torstein Hemnes. Han står ved rutebåtkaien på Hebnes. ­Mellom bronseplatene på steinen er også seglet til Håkon Håkonson.