Bogsfjorden er den lune fjordarmen som er skilt frå Erfjord
med det smale Bogsundet. Det er hit erfjordbuen og andre suldølingar
reiser når dei vil bade tidleg på sommaren. Her blir det god temperatur
på badevatnet.
Bogsfjorden har fått namn etter garden Bog som ligg på vestsida av
fjorden. Namnet heng saman med forma på fjorden – ei krum innskjering
frå Erfjorden. Her kjem sola tidleg om morgonen og våren kjem tidleg.
Det har vore såpass gode forhold her at frukt- og bærdyrking har vore
ein del av produksjonen på garden. Tidlegare, på 1600-talet, gjorde dei
det godt på trelasthandel. Dei var beint fram velståande. Garden har
vore delt i to bruk sidan kring 1730, «det nore» og «det søre». På begge
bruka står dei gamle stovehusa frå 1800-talet som historiske element i
kulturlandskapet.
På andre sida er Erøynå, slik bygdebokskrivaren Ernst Berge Drange
skriv det etter seiemåten. Også Erøynå har vore delt i to bruk, eit
austre og eit vestre. Gardstuna ligg nokså nære kvarandre på den nordre
enden av halvøya. Ein Henrik Blank, truleg ein utlending (namnet blei
skrive på mange måtar), dukka opp på Erøynå tidleg på 1600-talet, fortel
Drange. Han levde der i 40 år, slo seg opp på trelasthandel og samla
seg store materielle verdiar. Det var etter den tida at garden blei delt
i to og det blei etablert fleire husmannsplassar på halvøya.
Erfjord er namnet på garden inst i Bogsfjorden og nord for det smale
eidet som fører ut til Erøynå. Dette er ein av dei mest sentrale
gardane i fjorden, med husa plasserte på det høgaste punktet nord for
eidet mot Erøynå. Tilliks med gardane på begge sider av fjorden,
profiterte også Erfjord-garden på etterspurnaden etter trelast ute i
Europa. Garden blei delt i tre bruk alt på 1600-talet, og eitt til
seinare. Utetter på 1800-talet slo det seg ned folk på ikkje mindre enn
ni husmannsplassar under Erfjord-garden.
Den indre delen av Bogsfjorden, og over eidet mot Erøyvika, har vore
attraktive stader å busetta seg. Etter siste krigen blei det
utparsellert mange bustadtomter, og på 1970-talet blei det regulert eit
større bustadfelt på Erfjord-garden, Stølane - etter den funksjonen
området hadde hatt, heilt inst i fjorden. Rundt tusenårsskiftet blei det
opparbeidd eit bustadfelt på austsida av Erøynå. På Stølane bygde
Suldal kommune eit grendasenter med bibliotek, barnehage, helsestasjon
og aldersbustadar.
På Erfjord-sida av eidet er det viktigaste industri- og
næringsområdet i Erfjord. Her står og bedehuset for Erfjord-sida (på
Håland-sida hadde dei bedehus i Hålandsosen). Fiske- og
fraktbåtreiarlaget Bøen har base her, og her starta Trygve Erfjord og
Åsvald Erøy opp Erøyvik Båtbyggeri, nå Erøyvik Trevare, rett etter
krigen.
Mjølkebåten «Kløver» blei bygt i Erøyvik i 1955. Etter å ha gått i
mjølkefarten til litt etter at Ryfylkevegen var opna i 1965, blei han
seld og havna til slutt i Lysekil i Sverige. I 2016 henta entusiastiske
erfjordbuar båten heim og starta arbeidet med å restaurere han.
Friluftsrådet har to friluftsområde i Bogsfjorden, Hattavågsholmen
på Erøy-sida sør i fjorden, og badeplassen Habn inst i fjorden.