Reianeset

Landingsplassen ved Reianeset kan vera utgangspunkt for ei oppleving og ei innleving i det eldste vi kjenner til av menneskeleg verksemd i Norge. Turen på stien rundt Reianes går gjennom eit småkupert kystlandskap med beitemark og steingjerder. Namnet kjem truleg frå mannsnamnet Reidar.

Brygga i Reianesvågen, ved eidet over mot Reianeset er ingen stor attraksjon i seg sjølv. Men innseilinga opp gjennom Mastrafjorden kan gjera turen verd å gjennom­føre. Her kjem ein tett på det kulturlandskapet som Riksantikvaren meiner er av nasjonal interesse, altså svært viktig og verdfullt. Her finst både eldre sjøhusmiljø og fint tilpassa gardstun, fleire av dei er registrerte og vurderte som verneverdige i det arbeidet som blei gjort på 1980-talet for få oversikt over den eldre delen av bygningsmassen. Nå er det såpass lenge sidan, at mye kan ha endra seg sidan den tid, og vi har ikkje hatt tid og høve til å ettergå registreringane, men ta gjerne ein sving innom naustplassane på begge sider av fjorden når de har passert Askje på veg nordover.

Det er fleire brygger, ankrings- og fortøyingsplassar nord i Mastrafjorden. Friluftsrådet har kaiplass ved Klovstein aust i Reinasvågen. Bildet er frå Låder der det både er kai og gode ankringsforhold.

Komne vel fram tilbyr Rennesøy kommune og Stavanger Turistforening ei turløype rundt Reianeset. Kortversjonen går forbi gardane på Nordre og Søre Reianaset og ut til Låder og gravhaugen på Selsnes. Det er 1,5 km. Heile runden er 5 km og gir eit godt inntrykk av kva slags landskap dei første innvandrarane slo seg ned i. På Nordre Reianes, første garden ein kjem til, passerer ein eit bustadhus frå slutten av 1800-talet. Eldste delen av våningshuset på Søre Reianes skal vera så gammalt som frå 1710. På det høgaste punktet ut mot Selsneset ligg ei gravrøys frå vikingetid. I stranda på austsida av neset er det avdekka eit stort område med forhistoriske minne. Her er funne minst sju hustufter, to rydningsrøyser og eit gardfar.

Men det er på den andre sida, på Galta og ut mot ferjeleiet i Mortavika, at det svingar av forhistoria. For 14 000 år sidan, 12 000 år før vår tidsrekning, begynte dei ytre delane av kysten i Rogaland å bli isfri, men det er lite sannsynleg at menneska fann vegen hit så tidleg. Først eit par tuen år seinare var kyststripa blitt stor nok til å gi rom for eit dyreliv som kunne gi grunnlag for jakt. Men så kom det ein ny kuldeperiode som vanskeleggjorde busetting på kyststripa. Det var først for 10 000 år sidan at vi fekk ei varig klimaforbetring som på sitt beste (8000 – 5000 f.Kr.) baud fram eit klima som vi må til sydlegare breiddegradar for å finne maken til i dag.

Da Rennfast blei planlagt på 1980-talet blei det behov for å undersøke om traseen kunne koma i ­konflikt med automatisk freda kulturminne. Arkeologane fekk ei travel, men og utbytterik tid på Rennesøy sist i 1980-åra. På Galta fann dei ein buplass som hadde vore i bruk allereie før 9000 f.Kr., altså på ei tid da klimaet ennå varierte mellom milde og kalde periodar. Spor etter så tidlege busetting var det ikkje funne her i landet tidlegare. Truleg var dette isbjørnjegarar og sjøbrukarar som budde her noen veker om gongen. Kanskje kom dei frå meir permanente bustader i Nord-Europa.

Spor etter meir varig busetting blei funne frå eldre steinalder (8000 – 7500 år f.Kr.). Også desse buplassane var på Galta. Særleg rik på funn var buplassen på Hesthammer. Materialet viser eit høgt teknologisk nivå og vitnar om nær kontakt med andre menneske på Vestlandet. Klimabetring sette fart i utviklinga av vegetasjonen og ressursgrunnlaget blei etter kvart meir allsidig. Villsvinet innvandra og fann tilhald i skogane. Folk blei meir bufaste.

Ved overgangen til yngre steinalder (3000 – 1500 f.Kr.) var klimaet framleis godt. Folketalet voks og jorda blei tatt i bruk for dyrkingsformål. Frå denne perioden er det gjort funn på alle øyane i Rennesøy og på mest kvar gard.

Fritidsfiske for HC - Fishing area facilitated for HC Gjestebrygge - Guest pier Rasteplass - Picknic area Steinbrygge - Stone pier Tursti - Footpath
  • fredag

    4 ms
  • lørdag

    11 ms
  • søndag

    4 ms

Dette er ikke en av de mest sjarmerende båtutfartsplassene, men den fungerer godt som rasteplass. Kaien er også et godt utgangspunkt for stangfiske, også for rullestolbrukere.

Selve halvøya Reianes lengst i vest byr på et mer smålåtent landskap i havgapet, tett på sjø og skjærgård. Området er småkupert og preget av den mørke bergarten amfibolitt, men rager ikke høyt over landskapet.

Rundturen er omtrent 5 km. En mulig avstikker på veien: På Tranhaug ved Galta må du trø varsomt, du går på historisk grunn. Som følge av E39-utbyggingen fant arkeologene her Norges eldste boplass, 11.000 år gammel. Funnene er knyttet til Ahrensburg-kulturen, et reinjegerfolk rundt dagens Hamburg. De første menneskene som ankom Norge for dette svimlende tidsrommet siden, var altså "tyskere".

[Last ned turkart her]


Boka: I Fjordane - Ryfylke Friluftsråd Tekst og bilder fra boka:
I Fjordane - Ryfylke Friluftsråd Tekst - Roy Høyby
Foto - Lise Bjelland
Les mer om boka her