EIN STORGARD I JELSA
Store areal med produktiv skog var eit viktig grunnlag for den økonomiske og sosiale posisjonen folka på Barekland hadde. Den eldste delen av den staselege hovudbygningen på garden blei bygt av Lars Gudmundsen og Inger Johanna Bjørnsdotter frå Jelsa etter at dei hadde gifta seg i 1794. Sonen Bjørn og kona Marta Karina frå Økstra gifta seg og overtok garden i 1818. Dei var begge av Håland-slekt, og dyktige forvaltarar av garden og den sosiale posisjonen. Det var dei som bygde på huset slik at det fekk den fasongen det har nå. Ei av døtrene, Inger Johanna, overtok Barkeland saman med Ole Thorsen frå Jelsa i 1859. «På garden Barkeland hadde det vore mange storkarar gjennom hundreåra», skriv Ernst Berge Drange i bygdeboka for Jelsa, «men Ole Thorsen skulle bli den største av dei, ikkje minst i rolla som stortingsmann». Bygningane på Barkeland ligg ein kilometers veg opp frå Barkelandsvågen.
I 1973 sat Olga Oppedal, barnebarnet til Ole Thorsen som eigar av Barkeland. Ho hadde fylt 80 år og kjente at tida var inne til å rydde opp etter seg. Som ein del av oppryddinga blei alt lausøyre på garden registrert og katalogisert. I utgangspunktet var det ønskja til Olga at inventaret skulle bli verande på garden, men dersom dette ein gong i framtida skulle bli vanskeleg, kunne inventaret «…bli anbragt på passende sted i samråd med fylkskonservatoren i Rogaland…».
Her var kaffiserviset for 12 som Olga og Leiv Oppedal fekk til bryllaupet i 1938, med blomedekor i gull og svart, her er leopardskinnet som halvbror til Olga hadde med heim frå Sør-Amerika, her er rokokkostolar og regence-speil av finert mahogny på furu, og her er rosemåla kister, mangletre og oppstadrokk. Ein del ting hadde nok følgd med frå Furre i Sjernarøy da mor til Olga, karen Malene Johannesdotter blei gift med Thor Thorsen i 1872, andre ting hadde kome til undervegs.