Her bårar den blånande Bokna-fjord
med song kringom Sjernarøy-strender.
Han femner vår heim og vår odelsjord,
som veks under trufaste hender:
Det duvar aks over åkermold,
og kløver angar på eng og voll.
Sjernarøy var opphavleg orientert nordover som del av Nedstrand kommune, men blei i 1868 skilt ut som eigen kommune med kommunesenter i Aubøsund på Aubø. Da hadde kommunen 922 innbyggarar. Dette var ein lekk i dei mange kommunedelingane som oppsto etter innføringa av formannskapslovene, og altså organiseringa i kommunar, i 1837.
Etter kvart blei det ganske mange små kommunar. I 1930 var det heile 23 kommunar i Ryfylke. Det blei for mange, og dei var for små. Staten meinte desse kommunane ikkje var i stand til å ivareta samfunnsoppgåvene på ein tilfredsstillande måte, og sette etter krigen i gang med ei omfattande kommunereform som i 1965 førte til at Sjernarøy, saman med den vestre delen av Ombo, blei slått saman med Finnøy. Etter kommunereforma i 2020 er heile Finnøy, inklusive heile Ombo, blitt ein del av Stavanger. Bygrensa til Stavanger går nå midt i Jelsafjorden i nord, Ombofjorden i aust og Nedstrandsfjorden i vest.
Her bårar den blånande Bokna-fjord
med song kringom Sjernarøy-strender.
Han femner vår heim og vår odelsjord,
som veks under trufaste hender:
Det duvar aks over åkermold,
og kløver angar på eng og voll.
Slik er første verset i Sjernarøy-songen, skriven av ingen ringare enn Alfred Hauge. Det held fram som slike songar brukar gjera, det er uttrykk for sterke kjensler og enda sterkare slektsband, men og eit minne om ein sutalaus barndom der vi sprang «som småborn med lått og gråt og leika ved strand og i skogen».
Vi kunne vist til fleire høgstemte tekster om Sjernarøy, t.d. til museumsmannen Jan Petersen som skreiv «at Ryfylke med sine fjorder, sine fjell og sine skoger var et Paradis i Rogaland og at Sjernarøy var Eden i dette Paradiset». Andreas Skartveit refererer ei historie om at han som skreiv «Å Vestland, Vestland, når eg såg deg slik», sat på toppen av Ombo og blei inspirert av utsikta til Sjernarøyane. Det var Tore Ørjaseter som skreiv teksten til den kjente sangen. Etter kvart er det ikkje berre diktarar og museumsfolk som prisar Sjernarøyane, Sjernarøyane er ferieparadiset til mange, anten dei har satsa på hytte eller bruker øyane som mål for tur med båten.