DALE
Dale er meir enn ein parkeringsplass. Det var ein gard, ein gammal gard, som lenge var kyrkje- og kongegods, men på slutten av 1600-talet kom han på private hender. På slutten av 1800-talet var garden delt opp i fire bruk. I 1912 selde alle brukarane gardane sin til Stavanger kommune og Stavanger amt.
Det var behovet for eit nytt sinnssjukehus for Stavanger by og Stavanger amt som låg bak oppkjøpet. Dale blei vald fordi «man ved indkjøp av samtlige brug vilde være fuldstændig fri for alt naboskab», siterer Gro Fløysvik i ein artikkel om Dale. Alt året etter sto første del av Dale asyl ferdig. Asylet hadde ein kapasitet på 196 pasientar og framsto som ei minisamfunn på austsida av Gandsfjorden. Asylet fungerte i stor grad som eit sjølvstendig og sjølvforsynt samfunn med eigan kraftstasjon, skule, forsamlingslokale og bustadar for dei tilsette. Eigedomen var på 4500 da, og pasientane deltok i drifta som ein del av terapien.
Asylet var under stadig utvikling både fysisk og fagleg. På 1930-talet starta ein med sjokkbehandling av pasientar, frå 1942 tok ein bruk elektrosjokk i terapien. Den første pasienten blei lobotomert i 1953, to år etter begynte ein å ta i bruk beroligande medikamenter.
Asylet heitte frå starten Dale sidssygehus, i 1965 skifta det namn til Rogaland psykiatriske sjukehus. Namneskiftet symboliserte også ei fagleg nyorientering. På det meste, i 1973 hadde sjukehuset 583 pasientar. Med alle tilsette var innbyggrtalet på det meste bortimot 900 og det var reist ein stor bygningsmasse for å huse alle folka og alle funksjonane som det var behov for.