Brimse

Brimse ligg eigentleg nord i Hidlefjorden, eller sør i Brimsefjorden, og litt ut av lei når ein vil inn i Mastrafjorden, men er så tett forbunde med Rennesøy at vi tar omtalen med her. «Ei perle rett øst for Østhusvik», kallar Friluftsrådet staden. Her har dei lagt til rette med toalett, renovasjon, gjestebrygge og grill. Frå kaien er det fint å gå tur rundt på øya. Turen tar eit par timar.

Namnet på øya kan bety fleire ting. Mest nær­liggande er brim eller bårebrot mot land, skriv namnegranskaren Inge Særheim. Men ettersom Brimse ligg nokså skjerma, kan ei meir rimeleg forklaring vera at namnet har bakgrunn i noen kvite kvartsgangar i den søraustre enden av øya.

Brimse er rikeleg forsynt med fornminne, men har berre eit par ståande hus med noe aldersverdi. Her har og vore militær verksemd, Brimse inngikk i systemet av kystartilleri utafor kysten av Stavanger, men lite eller ingenting av dette er synleg i dag.

Øya er lita, berre eit par kilometer lang, 6-700 meter brei. I nyare tid har det ikkje vore rom for meir enn ein gard. Det er til gjengjeld ein ganske interessant gard. Og det er ein gard med ei lang historie, som dei fleste gardane på øyane her ytst i fjordsystemet.

I mellomalderen var Brimse ein del av klostergodset på Utstein, men blei sjølveigande bruk da garden blei kjøpt attende av den daverande leiglendingen Lars Torkelsson i 1758. Sidan blei garden delt på fleire bruk, og noen husmannsplassar, til det i dag igjen berre er eitt aktivt bruk på øya. Husdyrhald ser ut til å ha vore viktigaste levevegen; mjølkekyr, ungdyr, sau – og noen hestar, men dei dyrka og korn og poteter. Og dei rodde sjølvsagt fiske.

Fram mot andre verdskrigen utvikla Brimse seg til å bli ein ettertrakta feriestad og det blei seld eller bygsla ut ein del hyttetomter. Dei fritidsbuande utgjer i dag den største delen av busettinga på øya.

Grønsakproduksjonen på Brimse
ar gitt grunnlag for utvikling av
restauranttilbod i verdsklasse.

Vi nemnte tidlegare at Klostergarden var eit grunnlag for suksessen til Renaa-restauranten i ­Stavanger. Frode Ljosdal på Brimse er ein annan. Han og familien er mellom dei få fastbuande på øya, og det er ei øy med liten trafikk. Brimse er ein av dei få øyane sør i fjordane som ikkje har fått fastlandssamband. Her er få bilar og berre smale vegar berekna for fotgjengarar, hestar og i nauda ein traktor. Det kan vera fint for oss som berre skal vera gjester, men tungvindt for den som laga seg eit levebrød på øya.

Utviklinga av grønsakproduksjonen til Frode ­Ljosdal har følgt utviklinga av det nordiske kjøkkenet til å bli verdsleiande. Ikkje minst har Frode Ljosdal løfta fram ramslauken til å bli ein vinnar i gourmetkjøkkenet. Filosofien er å dyrke og hauste det som byr seg. Det er ein filosofi som har ført til ein millionbutikk med fleire tilsette. Ljosdal driv gardsbutikk der det er råd å få prøve seg på kjente og mindre kjente grønsaker.

Fiske - Fishing area Grill eller bålplass - Barbecue or campfire place HC-toalett Infoskilt - Infosign Rasteplass - Picknic area Kulturminne - Cultural heritage Tursti - Footpath Sykkelvei Søppelstativ Kai
  • fredag

    4 ms
  • lørdag

    7 ms
  • søndag

    9 ms

Ryfylke Friluftsråd har tilrettelagt med hc-toalett, renovasjon, gjestebrygge, grill. Her fins flotte fritidseiendommer og noen få fastboende. Området er et tidligere militærområde.

Gåturen Brimse rundt er en 2-timers tur i rolig tempo, delvis i lun bjørkeskog, lynghei, åpne svaberg og til slutt gjennom et kulturlandskap med kyr, sauer, gjess, høner og kalkuner. På Brimse fins også muligheter for den øvede terrengsyklist.

[Ut.no for turinfo]


Boka: I Fjordane - Ryfylke Friluftsråd Tekst og bilder fra boka:
I Fjordane - Ryfylke Friluftsråd Tekst - Roy Høyby
Foto - Lise Bjelland
Les mer om boka her