Vadholmen

Vadholmen ligg vakkert til mellom Usken, eller Uskjo, og Uskekalven, og midt i mot Hommersåk, sentrum i det gamle Riska. Usken, eller Uskjo, var den einaste av gardane i Riska som ikkje låg på fastlandet, men det hadde ikkje så mye å seia den gongen båten var viktigaste framkomstmiddelet. Det var ei tid heile fem bruk på hovudøya, og fleire husmannsplassar som seinare blei småbruk på ­Uskekalven. I dag er Uskekalven og begge sider av sundet mellom øyane sterkt prega av hyttebygging.

Vad, førsteleddet i namnet, betyr som regel ­vadestad. Kan hende har holmen fått namn etter ein vadestad i nærleiken mellom Uskjo og Uskakalven.

Fleire av gardshusa på Usken er registrerte som verneverdige kulturminne, og det er også spor etter tidlegare busettingar som er sikra gjennom freding. Her er altså spor etter ei lang historie med liv og arbeid.

Vadholmen ligg i Sluppen mellom Uskjo og Uskakalven. Her er god, lun og trygg hamn for mindre båtar, miljøstasjon, toalett og grillplass.

DEN ELDSTE HISTORIA

Det er funne spor etter folk i Riska heilt frå tida da isen trekte seg tilbake, altså frå steinalderen og fram til i dag. Eldre steinalder blir rekna frå ca. 10 000 år før vår tidsrekning. Så tidleg var det nok ikkje noe særleg trafikk i Riska, men frå ein gong mellom 4000 og 5000 år f.Kr. reknar ein med at det har vore folk her. I steinalderen sto sjøen om lag 10 meter høgare enn i dag, slik at ein kan ikkje vente å finne minna etter fortidsmenneska heilt i flomålet. Likevel er dei fleste funna frå steinalderen gjort nær sjøen.

På Usken er det gjort eit funn av ei større samling flintgjenstandar nær stranda. Dette kan vera teikn på at det har vore ein buplass her. Men det er på Li og i Grønevika steinalderfunna ligg tettast. Dette er neppe minne etter fast busetting. Mest truleg var det stader der folk budde om sommaren for å drive med jakt, fiske og sanking av planter, røtter, nøtter, bær osv.

Lenger fram i tid er det spor som tyder på ei fastare busetting der folk i større grad livnærte seg av jordbruk og fehald. Frå bronsealderen (1500 – 500 f. Kr.) er det likevel sparsamt med funn, og ingen sikre bevis for korleis bronsealdergarden såg ut. Vil ein vita meir om bronsealderen iler vi til med ei anbefaling om å besøke fortidslandsbyen på Landa i Forsand. Sjå meir om Landa i kapitlet om Lysefjorden.

Frå enda litt nyare tid, folkevandringstida (fram til 600 e. Kr.) er det ei interessant hustuft på Usken. Tufta ligg på nordsida av det høgaste punktet på øya, 300 – 400 meter sør for Ålkjærvatnet. Her er også enkelte spreidde rydningsrøyser. Hustufta er ca. 23 meter lang og 7 meter brei. Truleg er det tuft etter eit langhus som kan ha sett ut om lag som dei rekonstruerte husa på Jernaldergården på Ullandhaug.

Lettare tilgjengeleg er restane etter ein bygdeborg på Storaberget, nord-vest på Usken. Borgen låg på toppen av eit bratt berg som stikk ut i sjøen, men murane er nedrivne. Meir fres er det over bygdeborgen på Storaberget ved Lutsivatnet. Dette er den største bygdeborgen i Rogaland. Han ligg på toppen av eit berg som måler over 300 meter, og som har bratte fjell på tre sider. Bygdeborgene var forsvarsverk. Dei fleste skriv seg frå ein uroleg periode kring 400 - 600 e. Kr.). Bygdeborgene på Usken og ved Lutsivatnet var synlege for einannan, slik at det var muleg å varsle ved fare, t.d. ved vardebrenning.

Badeplass - Swimming area Fortøyningsbolter - Mooring bolts Gjestebrygge - Guest pier Grill eller bålplass - Barbecue or campfire place HC-toalett Avfallskonteiner - Waste container Rasteplass - Picknic area Teltplass - Camping site
  • torsdag

    2 ms
  • fredag

    4 ms
  • lørdag

    4 ms

Vadholmen er et svært populært båtutfartsområde, selv om det ligger i et område med tett hyttebebyggelse. Holmen er et regionalt tilrettelagt båtutfartsområde. Vadholmen er godt egnet for barnefamilier. Båtforbindelse til Stavanger og Hommersåk med anløp Uskekalven.



Boka: I Fjordane - Ryfylke Friluftsråd Tekst og bilder fra boka:
I Fjordane - Ryfylke Friluftsråd Tekst - Roy Høyby
Foto - Lise Bjelland
Les mer om boka her