Hidleholmen

Hidleholmen er holmen som ligg på vestsida av Nord-Hidle, skilt frå hovudøya med Hidlesundet. Her kan det vera fint å ankre opp, og det er eit par flotte sandstrender «og en flott solnedgang», skriv Friluftsrådet på heimesida si. Men elles er ikkje holmen meir tilrettelagt for båtturistar.

Vil ein ha meir ut av turen må ein gå i land på hovudøya. Det er ei gjestehavn nedanfor eit hyttefelt på sør-austpynten av øya. Men kjem ein som førehandsmeld gjest til Norda Hidle kan ein og gå inn i moloen rett nedom garden heilt nord på øya og fortøye der. Nord-Hidle har fleire anløp av hurtigbåtar om dagen, og ein kan koma dit med ferje frå Judaberg.

På Norda-Hidle har Terjer Hidle utvikla garden sin til å bli ein attraktiv stad for overnatting, servering, omvising og juleverkstad. Eldhusrestauranten er blitt eit populært tilbod om sommaren.

NORDA HIDLE

«Eit eksotisk reisemål nær deg», lokkar Terjer Hidle med. Det er ho som driv Norda Hidle i dag. Ho har opna dørene for farande folk i nær på 25 år, og var mellom dei første som inviterte all slags gjester inn i tunet og presenterte dei for historia, kulturen og, ikkje minst, den ureiste maten. Det har vore mange tilleggsnæringar undervegs, og framleis er gardsdrifta ein viktig del av inntektsgrunnlaget. Men frå å vera eit nokså alminneleg vestlands-bruk med mjølkekyr og sauer, er det gjestgjevarverksemda som i dag gir det største tilskottet til levebrødet.

Terjer er opptatt av å formidle at dette er ein røydom som ikkje er ny. Da ho sjølv overtok garden i 1997 fann ho ut at frå starten på hundreåret og fram til da hadde det ikkje vore mindre enn 22 tilleggsnæringar på garden. Det var all slags verv og næringar, frukt og østers, bær, sying, fiske og kommunale oppdrag. ­Vestlandslandbruket har først og fremst vore eit mangesyssleri der folk har vore kreative og vist stor tilpassings- og omstillingsevne.

Ho starta ikkje med alldeles blanke ark. Foreldra hadde alt tatt i mot båtfolk som gjerne ville sjå garden og det dei dreiv med der, og som gjerne sa ja takk til ein kaffekopp - utan at det var noen tankar om at det skulle betalast for. Men Terjer var sivilagronom frå Ås, med vekt på ressursøkonomi og utviklingsarbeid, og ho hadde erfaring frå arbeid hos Aimara-indianarane på høgsletta i Bolivia. Ho kom heim med ein muligheitshorisont som kanskje ikkje var så utbreidd den gongen, og tenkte at det måtte vera råd å styrke driftsgrunnlaget med å by på kunnskap og opplevingar. Det gikk ikkje alldeles på skinner frå første stund, men er i dag blitt ei verksemd som ønskjer folk velkomen til gards heile året.

Badeplass - Swimming area Fortøyningsbolter - Mooring bolts
  • fredag

    3 ms
  • lørdag

    5 ms
  • søndag

    5 ms

Hidleholmen/Hidlesundet har mange nes og viker å fortøye baugen mot.Holmen er ikke et smykke etter at det er gjennomført flatehogst. Holmen har likevel et par flotte sandstrender og en flott solnedgang.


Boka: I Fjordane - Ryfylke Friluftsråd Tekst og bilder fra boka:
I Fjordane - Ryfylke Friluftsråd Tekst - Roy Høyby
Foto - Lise Bjelland
Les mer om boka her