Holmavika

Holmavika er ein av dei finaste sandstrendene i Sandnes, godt tilrettelagt av Ryfylke friluftsråd. Her er eit yrande folkeliv på fine sommar­dagar, men området byr også på spennande natur- og kulturopplevingar.

Det er ikkje så mye som får ein til å tenkje på forhistorisk buplass når ein kjem til Holmavika for å bade, og nå er vi ikkje lenger i Riskakverven, men langt sør i Gandsfjorden, på Dale. Men her har vore liv også før stranda blei befolka av badegjester. Det best synlege er restane etter husmannplassen med same namn som badeplassen. Her er fleire murar etter husa dei hadde, dei som fann seg eit utkome som husmannsfolk her.

Anette Sandbekkbråten og vesle Viktor på eitt år prøver badevatnet i Holmavika ein junidag i 2021.

Meir interessant er kanskje ganske omfattande funn etter forhistorisk busetting, og frå så tidleg som frå 9500 år f. Kr. Langs heile stranda, på nedsida av vegen, er det funne flint som tilseier busetting i eldre steinalder. Her er også funne keramikk som tyder på at det har butt folk her seinare.

Busettingsområdet har nok vore samanhengande, og strekt seg inn over land og under det som nå er Daleveien. Det sentrale busettingsområdet ser ut til å ha vore ovanfor vegen, på ei flate med ein tilhørande heller. Det er fleire hellerar i området både sør og nord for det sentrale funnområdet. Saman med flintfunn og funn av kulturlag, har arkeologane tolka det slik at det her kan ha butt folk over nokså lang tid.

Edellauvskogen vitnar om eit lunt og godt klima. «Eikeskogen vokser seint, men her på østsida av fjorden har den vokst lenge», skriv Tore R. Nielsen, i ein artikkel om området. «Grove stammer og høye kroner forteller om alder og langt liv, og tunge greiner innbyr til klatring og lek». Det kan vera fint å ta ein tur opp i skogen som ei avveksling til solinga, men vil ein lenger er Holmavika også eit utgangspunkt for turar til Dale, Dalsnuten og Eikenuten.

I Holmavika, sør for Dale i Gandsfjorden, ligg ein romsleg og vestvendt badeplass med toalett og miljøstasjon. God brygge. Populær destinasjon for kajakkpadlarar. Her er det fullt av liv så snart sola stikk gjennom og ein kan få ei kjensle av sommar.

Badeplass - Swimming area Fortøyningsbolter - Mooring bolts Fiske - Fishing area Gjestebrygge - Guest pier Grill eller bålplass - Barbecue or campfire place HC-toalett Avfallskonteiner - Waste container P-plass - Parking Rasteplass - Picknic area Teltplass - Camping site
  • fredag

    8 ms
  • lørdag

    5 ms
  • søndag

    5 ms

Holmavika er svært mye brukt som lokal badeplass, ikke så mye som båtutfartsområde. Området er eksponert for mye vind og bølger fra båttrafikk i Gandsfjorden. Det er likevel en populær destinasjon for kajakkpadlere. Området er stort nok til å ta i mot større grupper/skoleklasser. Fin plass for dykking/snorkling.

Grusstien ned til stranden er ikke universelt tilrettelagt, men har slak helning og gir barnevogn og mennesker med behov for rullestol muligheter for å komme til området, med assistanse.


Boka: I Fjordane - Ryfylke Friluftsråd Tekst og bilder fra boka:
I Fjordane - Ryfylke Friluftsråd Tekst - Roy Høyby
Foto - Lise Bjelland
Les mer om boka her