Line

Line er den største av i alt åtte små øyar og holmar mellom Bru og Åmøy. Her er vi midt i den mest elleville delen av forhistoria. På øyane frå Åmøy og Bru i sør, til Mosterøy og Rennesøy i nord er det gjort ei rekke funn av enkeltminne, gravhaugar og andre spor etter menneske som levde i fortida, men aller mest oppsiktsvekkande er dei store felta med helleristningar, eller bergkunst som er funne på Austre Åmøy. På Line, på nord-vest-sida, opp frå Jubavika, er det spor etter steinbrot som kan har vore i bruk frå jernalderen og inn i middelalderen. Namnet Line peikar tilbake på naturleg eng eller beite.

Øyane låg sentral i fjordbassenget, med god utsikt til alle kantar, men Åmøy må ha hatt ein mye sterkare funksjon enn å vera ein attraktiv stad å slå seg til.

Friluftsrådet har bygt god kai i Linehamna på nord-austsida av øya. Herfrå går det god tursti over til Jubavika. Opp frå Jubavika ligg restar etter steinbrotet.

I Kulturminnesøk er oppgitt datering jernalder – middelalder. Teknikken som ser ut til å ha vore brukt ved utvinning av stein er kiling, altså ikkje minering. Minering, bruk av krut, kom ikkje i bruk før langt ut på 1600-talet.

Line er ei øy midt i den mest elleville delen av forhistoria.

RELIGIØST SENTRUM I BRONSEALDEREN (1000 – 500 f. Kr.)

Arkeologane tolkar den store mengda med helleristningar som uttrykk for at Åmøy har vore eit felles sentrum for religiøse seremoniar for Nord- og Sør-Rogaland. «Den enorme mengda helleristningsfigurar her tyder i alle høve på at Åmøy har vore noko spesielt», skrive Geir Sør-Reime om helleristningsfelta på Åmøy. Det spesielle kan vera at Åmøy var ein plass der folk frå eit større område samla seg til religiøse festar, og at Åmøy var så heilag at det ikkje budde folk fast der.

«Fleire stammar kan ha vore knytt saman ­gjennom årlege religiøse festar ute på øya», skriv Geir Sør-Reime vidare. «Den største festen var nok om våren. Om ­vinteren låg plantelivet daudt og menneska levde av fjorårs­grøden. Så kom dei fyrste vårteikna, lengre dagar, varmare sol, lauvsprett – varsla om ei ny grotid, lovnadane om ei ny avling. Menneska jubla ut i rein framtidsglede!»

På Åmøy er det fleire helleristningsfelt som truleg er resultat av store, religiøse festar på øya. Her kan ein finne ei rekke båtmotiv, fisk og fotavtrykk. Arkeologane tolkar den store mengda med helleristningar som uttrykk for at Åmøy har vore eit felles sentrum for religiøse seremoniar for Nord- og Sør-Rogaland.

Ein kan koma til dei største helleristningsfelta både frå land og sjø. Felta ligg mellom den gamle kaien på Austre Åmøy og Vågholmen. Frå land er det beste utgangspunktet bedehuset som ligg i krysset mellom Åmøyvegen og Vågholmvegen.

I alt er det kring 1200 figurar i området, fordelt på 15 større og mindre felt. Dette er den største samlinga av helleristningar frå bronsealderen i Rogaland. Det som arkeologane kallar Åmøy I, feltet nærmast gamlekaien og bedehuset, er det største. Her er det registrert 460 ristningar. Halvparten er båtfigurar, elles finn ein fotsålar, solfigurar og groper, men også avbildingar av menneske, dyr, kveiter og øks.

Badeplass - Swimming area Fiske - Fishing area Gapahuk - Lean-to shelter Grill eller bålplass - Barbecue or campfire place HC-toalett Infoskilt - Infosign Rasteplass - Picknic area Kulturminne - Cultural heritage Teltplass - Camping site Tursti - Footpath Søppelstativ Kai Lekeplass
  • lørdag

    10 ms
  • søndag

    5 ms
  • mandag

    2 ms

Friluftsrådet har tilrettelagt Line med gjestebrygge på 34 meter og en turvei som er tilnærmet universelt utformet mellom Linehavna og Jubavika - for å nevne noe. Området brukes mye av skoler, barnehager og speidere. Det er spor etter et mindre steinbrudd på Line. Stein fra Line ble bl.a. brukt til å bygge kaianlegg i Stavanger.
Hele dette farvannet er et godt skjermet og yndet utfartsrområde for store og små farkoster.

Dyr på beite hele året, husk båndtvang.


Boka: I Fjordane - Ryfylke Friluftsråd Tekst og bilder fra boka:
I Fjordane - Ryfylke Friluftsråd Tekst - Roy Høyby
Foto - Lise Bjelland
Les mer om boka her