Fister, som har fått namn av fjorden, var sjølvstendig kommune til han gikk inn i storkommunen Hjelmeland saman med Årdal i 1965. Fister-namnet er ei avleiing som opphavleg tyder blåse, altså at namnet har med vindtilhøva i fjorden å gjera. Sentrum i kommunen var Fistervågen der det kom brygge i samband med bygging av veg mellom Årdal og Fister i 1894 – 1895. Men Fister hadde rutebåtsamband mange år før det. Alt i 1864 er Fister med i rutehefta, men når dampskipa første gongen gikk innom Fister veit vi ikkje.
I området ved kaien var det frå først av berre noen sjøhus. Handelen og postkontoret heldt til i tunet på garden som låg nærmast kaien, på Midt-Fister, skriv Njål Tjeltveit i boka si om båtstoppestader i Ryfylke. Først i 1918 kom det i gang handelsverksemd på kaien. Fister hadde eit stort oppland for rutebåttrafikk og handel. Heile Neset utover mot Årdalsfjorden og halvparten av Hetlandsbygda sokna til Fister. Marknadsgrunnlaget var såpass interessant at det var ein viss konkurranse om passasjerane mellom Jøsenfjord Rutelag og Det Stavangerske Damskibsselskab. Men bygdefolk slutta stort sett opp om Jøsenfjord-selskapet, skriv Tjeltveit.