Fognafjorden

Fognafjorden skjer seg nord-austover mellom Fogn og ­Nordmarka i Strand. Det er ein fjord omgitt av høge sider med skog, men med eit par fine friluftsområde lengst ute: Tøgjevågen på sørsida og Rossøysundet på nordsida. ­Sør-aust for Fogn stikk Årdalsfjorden seg inn mellom Helgøy og Fiskå. Tar ein turen heilt inn til det gamle bygde­sentrumet i Årdal er det båtplass ved den gamle rutebåtkaien og ­gjestebåtplassar i småbåthavna. Herifrå er det berre ein god halvtimes spasertur opp til den sjåverdige gamlekyrkja i Årdal.

Det moderne Årdal ligg litt sør for det gamle sentrumet, på Melsrøysane industriområde. Her har m.a. Norstone produksjonsanlegget sitt. Norstone er ein stor leverandør av sand og grus basert på dei store morene- og breelvavsetningane kring Årdal.

Nordmarka i Strand har både vakker natur og ei fin kystlinje, men er først og fremst kjent som eit industriområde på Tau. Området ligg rett sør for Tøgjevågen og har gjort tilveret for friluftsområdet noe usikkert. Nå ser det ut til at vågen ikkje skal innlemmast i industriområdet, men derimot sikrast som friområde.

Heilt nørdst i Nordmarka, ved innlaupet til Årdalsfjorden ligg det gamle bygdesentrumet Fiskå, der det kom dampskipsbrygge, postkontor og handel i siste halvdelen av 1800-talet. Fiskå har lange tradisjonar for mølledrift og sagbruk. I 1872 blei det bygt ei stor og moderne mølle på Fiskå. Mølla blei ombygd til elektrisk drift i 1920.

I dag er Fiskå Mølle eit stort møllekonsern som leverer eit assortert utval av kraftfôr til ulike dyreslag.

Medan industri og anlegg dominerer sysselsettinga i Strand, er gamle Finnøy kommune eit samfunn med eit høgt tal sysselsette (om lag 1/5 av dei sysselsette) i landbruket. Talgje og Fogn som ligg på nordsida av fjorden var ein del av Finnøy kommune, men er nå blitt ein del av bydelen Finnøy i Stavanger kommune. Begge øyane er mellom dei mest produktive «tomatøyane» i Ryfylke. Ein vesentleg del av tomatproduksjonen i Norge skjer her. Fogn er den største av øyane. Her er det om lag 350 fastbuande, men Fogn er og mellom Ryfylke-øyane med eit stort tal hytter. Om sommaren blir innbyggartalet mangedobla. Talgje har noen færre fastbuande, men har fordelen av å vera knytt til fastlandet gjennom ein sidetunnel frå Finnfast.