Tingholmen

Tingholmen har eit namn som fort gir assosiasjonar til ein stad der det blei halde ting. Altså ein møtestad for den verdslege og rettslege administrasjonen før vi fekk den ordninga med kommunar og rettsvesen som vi har nå. Somme har tatt det for gitt at den sentrale plasseringa Tingholmen har der Gandsfjorden og Høgsfjorden møtest gjorde at Tingholmen var ein gammal tingplass.

Det er naturleg å tenkje slik. I ordbøkene blir ting tolka som møtestad, marknad, rettsforsamling eller rett og slett ein stad for å gjera avtalar. Men la oss gjera eit forsøk på å finne ut kva vi eigentleg veit om Tingholmen.

Det er murar etter ein husmannsplass på toppen av holmen. Husa må ha ligge vakkert til med utsikt til fjorden på begge sider av holmen.

BUSETTINGA PÅ TINGHOLMEN

Det er ikkje gjennomført utgravingar eller gjort funn av gjenstandar som kan hjelpe oss til kunnskap om den tidlege historia på Tingholmen. Holmen hørte til ­garden Eltarvåg på fastlandet, og der meiner ein at det har vore busetting like frå vikingetida (800 – 1050).

I mellomalderen kom garden i eiga til kyrkja og biskopen i Stavanger, men så blei han liggande øyde i to hundre år etter Svartedauen. Først midt på 1500-talet finn vi at det igjen er drift i Eltarvåg.

Ettersom folketalet vaks blei det behov for å rydde og ta i bruk nye område for livberging. På 1700-talet fekk Eltarvåg to husmannsplassar, Vier og Tingholmen. Seinare kom det fleire. Tingholmen blei altså busett som husmannsplass tidleg på 1700-talet. Den første husmannsfamilien vi kjenner til er Bjørn Olsen (f. ca. 1677) og kona Helga Oldsdtr. (f. ca. 1685) som fekk slå seg ned på Tingholmen ein gong kring 1730. Det interessante med dei er at dei truleg ikkje først og fremst fekk slå seg ned for å dyrke jorda, sjølv om plassen ga rom for å halde ikkje mindre enn tre kyr. Det viktigaste var fisket.

I eit skifte frå 1755 får vi vita at husmannen på Tingholmen hadde vengebåt, altså ein større båt med overbygning, som gjorde at dei kunne reise lenger vekk på fiske. Bjørn og Helga hadde mange ungar, og mellom desse fleire søner som truleg også deltok i fisket etter kvart som dei voks til. Det var ikkje så vanleg å ha så stor båt. Verdien av båt, naust, hus og krettur gjorde at husmannsplassen på Tingholmen var mellom dei betre i området.

Vi kan følgje busettinga på Tingholmen like fram til ut på 1900-talet. Dei siste som budde her var Thomas Jonasen (f. 1861) og kona Inger Loddervik (f. 1866). Dei overtok det som nå var blitt eit sjølvstendig gardsbruk på Tingholmen i 1891, men eit stykke ut i neste hundreåret overtok dei også småbruket til faren i Galtavigjå, reiv husa på Tingholmen og flytta dei med seg til Galtavigjå. Murane etter husa er framleis godt synlege.

Men korleis var det nå med Tingholmen som tingstad?

Badeplass - Swimming area Fiske - Fishing area Gapahuk - Lean-to shelter Grill eller bålplass - Barbecue or campfire place Infoskilt - Infosign Rasteplass - Picknic area Teltplass - Camping site Tursti - Footpath Søppelstativ Kai Beitedyr
Her kan du se en luftig film om friluftsområdet
  • fredag

    2 ms
  • lørdag

    9 ms
  • søndag

    4 ms

Tingholmen er en lun holme på sørsiden av innløpet til Høgsfjorden, cirka 7 km øst for Stavanger. Holmen er mye besøkt av mindre båter som kombinerer båtlivet med telting på land, bl.a. kajakkpadlere. Tingholmen har et flott kulturlandskap med tufter fra tidligere husmannsplasser og gårdsbruk.

Dyr på beite hele året, husk båndtvang.


Boka: I Fjordane - Ryfylke Friluftsråd Tekst og bilder fra boka:
I Fjordane - Ryfylke Friluftsråd Tekst - Roy Høyby
Foto - Lise Bjelland
Les mer om boka her