Foreholmen

Foreholmen ligg i Buøysundet, sundet mellom Buøyna og Byre, og er ein lun og fin plass å ankre opp i le for vind både frå nord, vest og sør. Og så kunne ein tru at namnet hadde med treslaget furu å gjera, men meir sannsynleg handlar det om ei renne, søkk eller fure, og da kan vi tenkje at det er holmen i fura mellom Byre og Buøyna som har skapt namnet.

Byre og Bokn blir kalla Fisterøyane ettersom dei hørte til Fister kommune før kommunereforma i 1965. Etter det har dei vore ein del av Finnøy. Dette er frodige øyar som vekslar mellom skogdekka område og opne jordbruksområde. Viktigaste næringsvegane har vore husdyrbruk og fruktdyrking.

Ikkje overraskande har Fisterøyane fått svært positiv omtale i oversynet over vakre landskap i Rogaland som vi har referert til fleire gonger. Og det er ikkje berre landskapet som vekker begeistring, men også vegetasjonen. Her er ei rekke varmekjære og kravfulle artar som gjer området eigna som botanisk typeområde for dei indre Ryfylkeøyane, heiter det.

I dag er det få fastbuande att på Byre, men øya har ei storslagen historie noen hundreår tilbake i tida. Omkring 1300 var det storfolk, riddarar, på Byre, skriv Andreas Skartveit i ein artikkel om Bokn og Byre. Dei gifta seg inn på Aga i Hardanger, ei anna stor ætt, og dei var med i rikspolitikken. Høgast oppe var dei nok i 1397, da Arnbjørn i Byre var ein av dei 13 norske riddarane som var til stades i Kalmar da dei valde Erik av Pommern til fellesskandinavisk konge og skipa Kalmarunionen. Ein av dei som hengde seglet sitt under kroningsbrevet, var Arnbjørn i Byre, skriv Skartveit.

Fram til 1708 var gardane på Byre i eiga til rikfolk andre stader, men i 1708 blei gardane selde til dei tre brukarane. Husa låg da samla midt oppe på øya, med landbruksjorda spreidd rundt om. Først etter utskifting i 1835 blei jorda til dei enkelte bruka samla og i alle fall eitt av bruka flytta husa sine ut frå det gamle klyngetunet.

Det er lite att av den eldre bygningsmassen nå, men i Jarvorvika, nord på øya, der gardane hadde nausta og sjøbuene sine, er det registrert eit gammalt naust som har så stor kulturhistorisk interesse at det er vurdert som eit muleg fredingsobjekt. På Krossneset, på austsida av Jarvorvika, er det registrer ein gravhaug, ei rundrøys, som framleis er godt synleg. Røysa er tidfesta til eldre jernalder, det vil seia hundreåra før og etter starten på vår tidsrekning.

Til Byre hører det ei rekke mindre øyar, mellom desse Buøyna på sørsida av Buøysundet, og Sauøynå nord for Byre. Bygdebokskrivaren, Halvard Bjørkvik, reknar med at dette var holmar og øyar som blei brukte til beite, men i Buøysundet var det og to husmannsplassar frå midten av 1700-talet og fram til dei siste vi veit om, ­jekteføraren Mikal Gunnarson og kona Karine Kolbeinsdotter som budde her med seks barn til dei flytta til Buøy ved Stavanger ein gong før 1910. Ved folketeljinga i 1910 blei det ikkje registrert noen som budde i Buøysundet. Men så kjøpte skipper Laurits Paulson Ottøen den eine av plassane i 1914, kalla han Solhavn, og budde der til han døydde i 1926. I 1938 kjøpte den daverande eigaren også den andre husmannsplassen. Det budde folk på plassen til han blei seld som fritidseigedom i 1959. Seinare har plassen fått selskap av ei nokså omfattande hyttebygging vestover mot Djupevik og rutebåtkaien i Ladbergvika.

Badeplass - Swimming area
  • fredag

    9 ms
  • lørdag

    7 ms
  • søndag

    3 ms

Fin plass å ankre opp i le for vind fra nord, vest og sør. Er en del skjær, så følg staker og kart.


Boka: I Fjordane - Ryfylke Friluftsråd Tekst og bilder fra boka:
I Fjordane - Ryfylke Friluftsråd Tekst - Roy Høyby
Foto - Lise Bjelland
Les mer om boka her