Midtholmen

Midtholmen ligg aust for Ormøy og inngår i ein eigedom som også omfattar Kuppholmen og Rundeholmen. Stavanger kommune kjøpte eigedomen i 1985 og har sikra han som allment tilgjengeleg friluftsområde. Midtholmen blir forvalta av Engøyholmen KFUK-KFUM, sjøspeidarane i Stavanger, som har speidarhytte og leirstad der.

Hovudbygningen på Midtholmen er gardshuset som blei reist etter at eigedomen blei skilt ut og seld frå hovudbølet på Langøy i 1909. Martin Midtholm flytta da inn saman med kona Else Olava og sju ungar. Seinare kom det to ungar til. På heimesida til Hundvåg blir det opplyst at familien først budde i eit mindre hus som sto framfor hovudbygningen, og at dette skulle vera oppført ca. 1760. I SEFRAK-registreringa av gamle hus som blei gjennomført i 1992 er huset tidfesta til ein gong på 1800-talet. Dette virkar som ei usikker opplysning, men det er rimeleg å tenkje seg at det mindre huset var eit tidlegare bustadhus på plassen, som blei erstatta av den nåverande hovudbygningen nokså snart etter 1909. Det mindre huset, annekset, som står der nå er eit nybygg oppført i 2001.

Det var ikkje så mye jord å gjera seg til av på Midtholmen, men det var heller ikkje jorda som ga inntekt. Martin Midtholm var frakteskipper og åtte galeasen ­«Lykkens prøve» fram til han busette seg på Midtholmen. Etter det ser det ut til at han livnærte seg på langfart på dei sju hav, og på kystfart. Og så hadde dei litt inntekt frå landlott da brislingen blei stengt ved Midtholmen før han blei levert til hermetikkfabrikkane.

Familien budde på Midtholmen til 1957. Etter det blei staden brukt som fritidsbustad fram til Stavanger kommune kjøpte eigedomen i 1985. Da starta forfallet, og det blei nokså ille. Eit av barnebarna, Alf Egil Stensø, var så skuffa over det som skjedde med foreldre­heimen, at han skreiv eit lesarinnlegg om det i Aftenbladet i 1988. Han kalla det ein skandale. Han meinte at byråkratane i ­Stavanger kommune ikkje såg potensialet i staden. Her kunne kommunen ha laga eit levande kulturmiljø, skreiv han, i staden for å la vandalane herja. Noen år seinare var det nettopp det som skjedde.

Midtholmen blir forvalta av Engøyholmen KFUK-KFUM, sjøspeidrane i Stavanger, men blir brukt av mange. Da vi var der var det elevar frå Jåttå vg. skule som var på Midtholmen.

Startkapitalen blei reist da sjøspeidarane selde kaffe og lapper under Tall Ships Race i 1997. Dei fekk inn 24 000, og med desse pengane i kassa sette dei i gang med restaurering av eit bygningsmiljø som var taksert til minus 40 000. Taksten var antatt kostnad for riving og rydding.

Speidarane fekk rimelege byggevarer, sponsorstøtte, legatstøtte og god hjelp. Da det var lagt ned 10 000 dugnads­timar og restaureringa var ferdig i 2009 blei anlegget taksert til 2 mill. kr. Resultatet blei ­marknadsført som ei naturperle og ei ramme for eit unikt ungdomsmiljø. Hovudhuset frå 1909 var restaurert, uthus og anneks sett i stand og det var båtstø, brygge og badestrand nede ved sjøen. I dag anslår sjøspeidarane at 2-3000 personar besøker Midtholmen kvart år.

Teltplass - Camping site
  • lørdag

    8 ms
  • søndag

    13 ms
  • mandag

    10 ms

Sammen med Kuppholmen og Rundholmen utgjør Midtholmen en mini-skjærgård rett sør for Ormøy nær Stavanger sentrum. Sjøspeiderne i Stavanger forvalter huset og brygga på Midtholmen, og har overnattingsplasser, båter og forskjellig aktiviteter.

[Informasjon om fasiliteter og betingelser].


Boka: I Fjordane - Ryfylke Friluftsråd Tekst og bilder fra boka:
I Fjordane - Ryfylke Friluftsråd Tekst - Roy Høyby
Foto - Lise Bjelland
Les mer om boka her