Åbøbyen

Den best kjent og mest omtala bydelen i Sauda er ­Åbøbyen, også kalla Amerikaner- eller ­Amerikabyen, villabyen, hagebyen eller by­­anlegget. Byanlegget har vore omtala som eit særleg vakkert og verne­verdig område nesten like lenge som det har eksistert, og det har nå kome på NB!-lista til Riksantikvaren, lista over Nasjonale kulturhistoriske bymiljø. Registeret omfattar kulturhistoriske bymiljø i 75 byar i Norge. I Rogaland deler Sauda merksemda med Egersund, Haugesund, Sandnes, Skudeneshavn og Stavanger.

Arbeidet med utbygging av Åbøbyen starta i 1916, men det var ikkje på heilt jomfrueleg mark. Det var eit stort tal husmannsplassar på øyra ned mot sjøen, og i det området som blei byanlegget var det fleire heimehus som hørte gardane til. Desse finn vi nå att i Torsveien, Kongsveien og i Åbødalsveien. Dei har ei lett att­kjenneleg grunnform slik vi finn heimehusa på gardane, med ei tømra stove på kvar side av ein gang. Dei gode takutspringa der bjødnane er trekte ut og har fått dekor fortel oss at husa må vera frå slutten av 1800-talet da sveitsarstilen kom på moten.

Åbøbyen, også kalla Amerikabyen fordi det var amerikanarar som sto for utbygginga, blei etablert for å gi husvere til arbeidarar og funksjonærar ved smelteverket. Dei eldste husa er frå 1916 og -17. Det var husa i Wergelandsveien og Håkonsgate som blei bygt først. I det nedste huset i Håkonsgate, huset nærmast fabrikken, har Ryfylkemuseet eit innreia industriarbeidarmuseum.

Allereie før 1920 var det reist 18 hus med til saman 50 familiehusvere, eit ukjent tal hyblar og eit mellombels sjukehus. Husbygginga heldt fram også i 1920, med reising av dei siste husa nedst i Håkonsgate, og ein del hus langs det som da var Olavsveien, men som nå er Åbødalsveien.

Større fart i byggeaktiviteten ser det ut til at det blei etter at produksjonen kom i gang, og innan 1930 var det bygt 69 hus med til saman 199 husvere. Da var det meste av dei sentrale delane av byanlegget bebygt, og det ser ut til at interessa for ytterlegare utbygging tapte seg for ei tid.

Etter krigen tok bustadbygginga seg opp att, og nå var det i dei søndre delane av Kongsveien og i Brekkeveien og Brekkebakken at dei fleste av dei nye husa blei bygde.

Heile området som EFP fekk disponere til bustadbygging var på kring 400 mål. I alt blei det reist 120 hus på området. Av desse 33 einebustadar, 50 tofamiliehus, 2 trefamiliehus og 36 firefamiliehus. Det skulle til saman bli 283 husvere. Heile det området som var planlagt til bustradformål er likevel ikkje utbygt. Opphavleg var både Brekkeveien, Kongsveien, Parkveien og Griegsgate tenkt forlenga mot Nordelva, men nå er dette området delvis regulert til andre formål, og det er få eller ingen ledige tomter att i Åbøbyen.

I starten var det verken vatn eller straum i husa, men det kom etter kvart, saman med fint opparbeidde gater, fortau og parker. Standarden var rimeleg høg, og blei enda betre da infrastrukturen kom på plass og folk fekk bad og vassklosett i husvera sina. Verksleiinga meinte sjølve at standarden på husa var mellom dei beste i sitt slag i landet, og fekk medhald i den vurderinga av folk som kom på besøk. Det som ikkje blei lagt så stor vekt på var røyken og støvet frå fabrikken som la seg som eit teppe over Åbøbyen da vinden kom frå sør-vest, som han ofte gjorde.

ARKITEKTUREN I AMERIKABYEN

Kven som teikna dei første husa som blei reiste i Åbøbyen veit vi ikkje, men det er nokså tydeleg at ideen om utforming av bustadområde som såkalla hageby var vel kjent. Og ikkje berre det, Sauda konkurrerte om arbeidskrafta med stader som Rjukan og Odda, og måtte om muleg gjera seg enda lekrare enn desse staden. Det blei såleis ikkje bygt blokker og bygardar i Sauda, slik ein fann dei andre stadene, men småhus i hagar. Det var etter forholda romslege husvere, om lag 60 m2, og dei var smakfullt innreia. I Håkonsgate 51-53 har Ryfylkemuseet lukkast med å rekonstruere to slike husvere, eitt frå 1920-talet og eitt frå 1960-talet. Her er det råd å sjå korleis det såg ut.

Det nærmaste ein har kome i spekulasjonar om kor planane for bygningane kom frå er at amerikanarane hadde dei med seg frå anlegget til Union Carbide i Niagara Falls. Det er i alle fall sikkert at dei hadde med seg brannhydrantane derifrå, så da hadde dei kanskje også med seg husteikningar.


Boka: I Fjordane - Ryfylke Friluftsråd Tekst og bilder fra boka:
I Fjordane - Ryfylke Friluftsråd Tekst - Roy Høyby
Foto - Lise Bjelland
Les mer om boka her