Litle Teistholmen

Vi skreiv i førre kapittel om Tingholmen som blei husmannsplass under Eltarvåg i 1730. Det var den andre husmannsplassen under Eltervåg etter Vier. Utover på 1800-talet blei det rydda fleire husmannsplassar. Til slutt var det ikkje mindre enn åtte av dei. Teistholmane var ein av desse.

Teistholmane blei truleg busett kring 1790, men det var ikkje så lenge det budde folk der. Attåt begge Teistholmane hørte også eit stykke inne på fastlandet til husmannsplassen, Stølsvigjå (Stølsvik) og Varga­vigjå. Teistholmen blei etter noen år forlatt til fordel for Stølsvik der husmannsfamilien blei buande seinare. Korleis Teistholmane blei brukte, veit vi ikkje så mye om, men det er rimeleg å tenkje seg at dei i alle fall blei brukte til beite, slik som dei framleis gjer. Det er steinformasjonar på det høgaste punkte på Litle Teistholmen som kan tenkjast å ha tent som fundament for hus, men kva slags hus som kan ha stått der veit vi ikkje.

Litle Teitsholmen er eit populært friluftsområde med ei romsleg båthavn på vestida. Holmen byr på ei lun hamn med universell tilkomst til ei flott vik med benkar, grillplass, gapahuk og teltplass.

HUSMANNEN

Vi har sett at Vier, som var den første husmannsplassen under Eltarvåg, blei rydda som husmannsplass alt på 1600-talet,Tingholmen tidleg på 1700-talet og Teistholmane mot slutten av hundreåret. Talet på husmenn voks kraftig utetter på 1800-talet fram til kulminasjonen kring 1850.

Ryfylke var ein av dei store husmannsregionane på Vestlandet. I heile landet var det rundt halvparten så mange husmenn med jord som gardbrukarar i 1800.

I Ryfylke utgjorde husmennene på det meste (1825) 78 prosent av gardbrukarane, men med store skilnadar kommunane i mellom.

Dei første husmennene dukkar opp i kjeldene alt på slutten av 1500- og starten på 1600-talet, men Ernst Berge Drange, som har skrive om denne tidlege husmannsskipnaden, åtvarar mot på sjå på desse tidlege husmennene på lik line med dei som kom seinare.

I større grad meiner han vi må forklare framveksten av husmannsplassane med utvegane til å livberge seg på andre måtar enn gjennom jordbruket. I dei indre delane av Ryfylke var skog-, sagbruks- og trelastnæringa i sterk vekst frå slutten av 1500-talet, og deltaking i dette­ ­eventyret kunne vera eit attraktivt alternativ. I dei ytre bygdene har vi sett at deltaking i fiskeria var eit anna ­alternativ. Dessutan førte aukande velstand til etterspurnad etter tenester, i første rekke frå ulike handverkarar. Det opna seg altså utvegar til å skaffe seg eit levebrød utan å sitta på sjølvstendige gardsbruk eller høre til husbondsfolket på gardane. Ein kan sjå det slik at det tidlege husmannsvesenet var eit uttrykk for ei sterkare arbeidsdeling i lokalsamfunnet.

Badeplass - Swimming area Fiske - Fishing area Gapahuk - Lean-to shelter Grill eller bålplass - Barbecue or campfire place HC-toalett Infoskilt - Infosign Rasteplass - Picknic area Teltplass - Camping site Søppelstativ Kai Beitedyr Lekeplass
Her kan du se en luftig film om friluftsområdet
  • fredag

    2 ms
  • lørdag

    5 ms
  • søndag

    10 ms

Litle Teistholmen er relativt ny som offentlig sikret friluftslivsområde, men har allerede blitt et av de aller mest populære båtutfartsområdene. Selv om holmen er liten tåler den mye besøk. Litle Teistholmen er tilrettelagt med mål om optimal universal tilrettelegging.

Dyr på beite, husk båndtvang.


Boka: I Fjordane - Ryfylke Friluftsråd Tekst og bilder fra boka:
I Fjordane - Ryfylke Friluftsråd Tekst - Roy Høyby
Foto - Lise Bjelland
Les mer om boka her