Rossøy / Ydstebøhavn

Ydstebøhavn er ei tett, triveleg og mangfaldig samling av trehus, naust og brygger i ulike fasongar som har vakse fram frå slutten av 1700-talet. Fyrdrift, losverksemd, tollstasjon, gjestgiveri og handel ga grunnlag for busetting av folk med andre yrke enn fiskar og bonde, og så var det sjølvsagt fiskarar og handverkarar av ulike slag utan eigedomsrett og tilknyting til gard som sette seg ned som strandsittarar i Ydstebøhavn. Mange av dei eldste husa står ennå, noen er moderniserte, andre rivne og erstatta av nye, men strukturen og målestokken i busetnaden er nokså godt vidareført.

Namnet Ydstebø kjem av gardsnamnet, den ytste garden. Ross, som i Rossøy, betyr hest. Men kvifor Rossøy fekk dette namnet, kan vi berre spekulere i.

Det gamle stovehuset har følgt same utviklinga som elles i Ryfylke. Stova var ei lafta tømmerkasse, med gang og kammers i reisverk. Frå første del av 1800-talet og til godt ut på 1900-talet blei det tredelte huset vanleg, med to lafta stover i kvar ende av huset og gang og kjøkken i midten. Mot slutten av 1800-talet fekk husa ei firkanta form, med to stover fram i fasaden, og med kammers, kjøkken og gang bakom. Frå gangen gikk det trapp og til andre etasjer, der det var soverom og kammers. Husa var enkle, likevel kan ein obeservant turist sjå klare stilhistorske trekk som viser at ein følgde med dei europeiske moteretningane i detaljar som glas, dører og listverk. Langs sjøen ligg sjøhusa som perler på ei snor. I 1948 blei det registrert ikkje mindre enn 44 sjøhus på øya. Dette er hus som tradisjonelt har vore bygt som stavkonstruksjonar.

Fyret er eit landemerke same kor ein er på og kring Kvitsøy. Kvitsøy fyr er det eldste fyret i landet som framleis er i drift. Første fyret blei tent i 1700. Det fekk sin nåverande utsjånad i 1859.

Det låg godt til rette for å ta på seg losoppdrag frå Kvitsøy, og mange såg ein utveg til inntekt frå losing – altfor mange i ein periode, slik at det blei hard konkurranse om oppdraga. Men etter kvart blei lostenesta betre organisert, og frå kring 1900 var det etablert ei samlosing med seks faste losar. Med bakgrunn i den framskotne posisjonen Kvitsøy hadde i lostenesta, var det naturleg at Kvitsøy blei vertskommune for ein trafikkstasjon. Kvitsøy trafikkstasjon, som ligg godt synleg på høgda over Ydstebøhavn, blei opna i 2003 og har ansvar for både trafikkovervaking og losing.

Så greitt var det ikkje å få rutebåtsamband til Kvitsøy, sjølv om det blei argumentert sterkt og godt for at det var behov for det. «Fyrbetjente, rorskarle og mangde lodse have bolig paa øen», siterer Njål Tjeltveit i boka si om båtstoppestader i Ryfylke. «Ulempen ved ikke at have postgang og dampskibsfart i lighed med andre distrigter er derfor meget stor.» Først i 1870 begynte dampskipa som gikk til Rennesøy og Skudeneshavn å gå innom Kvitsøy ein dag i veka, sist på 1870-talet 2 – 3 dagar i veka.

I starten var det ikkje brygge. Dampbåten måtte bordast. Så blei det bygt ei brygge i Leiasundet, sidan kom det og kai i Ydstebøhavn. Først i 1913 sto det ferdig ei skikkeleg steinkai i Ydstebøhavn, den som nå blir kalla «Gamlekaien» og som var i bruk like til det kom ferjesamband til Vollsøy i 1975.

Ydstebøhavn ein roleg haustdag. Utsikt mot vest og Grøningen. Rossøyna på sørsida (til venstre). Det er «Utvær» som ligg fortøyd ved Gamlekaien. «Utvær» blei bygt for Fyr- og merkestellet i 1931 som reisefartøy for fyringeniøren og er nå bevart i privat eige


Boka: I Fjordane - Ryfylke Friluftsråd Tekst og bilder fra boka:
I Fjordane - Ryfylke Friluftsråd Tekst - Roy Høyby
Foto - Lise Bjelland
Les mer om boka her