Nodholmen, eller Notaholmen, har i tillegg til dei fasilitetane ein finn på sørsida også toalettanlegg og miljøstasjon.
Garden Talgje ligg på den høgaste delen av øya lengst aust mot Helgøysundet. Her er det skriftlege kjelder som vitnar om busetting frå tidleg på 1500-talet. Men det er spor etter mye eldre busetting på øya. På vestsida, på høgdedraget mellom dei to friluftsområda, på ein stad som blir kalla Storeskogen, er det gjort eit omfattande funn etter eit gardsanlegg frå jernalderen. Funnet omfattar tre hustufter, ei nausttuft og åtte gravrøyser. Eit anna anlegg med to hustufter er funne i Stølshaugane, om lag midt på øya.
Det var berre eitt bruk på Talgje like fram til 1784 da garden blei delt første gongen. Seinare kom det fleire frådelingar og i dag er øya delt i mange eigedomar. Frå gamalt av, det vil seia frå tidleg på 1700-talet, var det tre husmannsplassar på Talgje: Flagavik sønde og nordre mot Helgøysundet, og Skyljavik på nordsida. Sidan kom det fleire, alle på den austre delen av øya.