Byøyane er som varsel om landkjenning når ein kjem med hurtigbåt, eller som fram til jul 2019, med ferje frå Ryfylke. Men dei har og si eiga historie og er attraktive mål for nærturar frå Stavanger. Friluftsrådet har tilrettelagt for ilandstigning frå fritidsbåt eller kajakk på fleire av øyane. Det er i første rekke desse stadene, med tilliggande nærområde, vi vil fortelja om i det følgjande.
Landtunga som skil Nordsjøen frå Boknafjorden var mellom dei første stadene som blei isfrie da isen trekte seg tilbake for 11 000 år sidan. Det er da også her vi finn dei første spora etter menneske. Først etter nomadar som kom gåande over nordsjøisen om våren for å drive med jakt og fangst om sommaren, seinare etter fast busetting. Frå nærmare vår eiga tid er det funne spor etter omfattande og langvarig busetting på øyane nord for Stavanger.
Dei aller fleste fornminne frå Stavanger er funne nettopp på øyane. Her har det vore attraktivt å slå seg til så lenge det har butt folk i dette området, altså like frå steinalderen og fram til i dag. Øyane ligg sentralt til og det har ligge godt til rette for å gjera seg ein leveveg av jordbruk og fiske. Dette har gitt grunnlag for både rikdom og makt. Hundvåg var sentrum i samfunnet lenge før Stavanger blei by.