Byøyane

Det er grønt og blått så langt auga kan sjå, ispedd litt raudt når strandnelliken blømer, eller når røsslyngen fargar lyngheia ut på sommaren. Og bakom glitrar byen i motlyset, eller ­forbipasserande båtar lagar liv i vasspegelen. Det er vakkert, det er mildt og mjukt og det kan få oss til å tru at det livet vi finn minne om kor vi trør i land har vore eit liv utan sut og sakn. Men når vi leitar oss fram mellom brakje og berg, ­bygningar og byhagar, og finn beretningar om livet og leveviset, ser vi at sjølv på byøyane har det vore eit strev for utkomet.

Byøyane er øyane som ligg rett utanfor stovedøra til Stavanger: Buøy, Hundvåg, Langøy, Vassøy, Lindøy, Hellsøy, Kalvøy, Store Marøy og enda fleire, meir enn 30 i alt, om ein reknar med smått og stort. Etter kommunereforma i 2020 kunne ein i vanvare koma til å nemne øylandskapet i gamle Rennesøy og Finnøy kommunar i same slengen, som også nå er blitt byøyar, men det skal vi ikkje. Vi skal ikkje strekke oss lenger enn til Åmøy i denne omgang, der den austre delen hørte til det som var Stavanger før 2020.

Byøyane er som varsel om landkjenning når ein kjem med hurtigbåt, eller som fram til jul 2019, med ferje frå Ryfylke. Men dei har og si eiga historie og er attraktive mål for nærturar frå Stavanger. Friluftsrådet har tilrettelagt for ilandstigning frå fritidsbåt eller kajakk på fleire av øyane. Det er i første rekke desse stadene, med tilliggande nærområde, vi vil fortelja om i det følgjande.
Landtunga som skil Nordsjøen frå Boknafjorden var mellom dei første stadene som blei isfrie da isen trekte seg tilbake for 11 000 år sidan. Det er da også her vi finn dei første spora etter menneske. Først etter nomadar som kom gåande over nordsjøisen om våren for å drive med jakt og fangst om sommaren, seinare etter fast busetting. Frå nærmare vår eiga tid er det funne spor etter omfattande og langvarig busetting på øyane nord for Stavanger.

Dei aller fleste fornminne frå Stavanger er funne nettopp på øyane. Her har det vore attraktivt å slå seg til så lenge det har butt folk i dette området, altså like frå steinalderen og fram til i dag. Øyane ligg sentralt til og det har ligge godt til rette for å gjera seg ein leveveg av jordbruk og fiske. Dette har gitt grunnlag for både ­rikdom og makt. Hundvåg var sentrum i samfunnet lenge før Stavanger blei by.

Byøane er også ein viktig del av kystlandskapet på Sør-vestlandet, med lyngheier og torvmyrer. Medan andre byar har sine skogar eller fjell, har Stavanger eit unikt kystlandskap. Etter kvart som byen har ekspandert har presset på desse områda auka, men tungvindte kommunikasjonar og eit aukande medvit om verdien av bynære friluftsområde, har gjort at viktige område er bevarte.

Jordbruk og fiske var tidlegare livsgrunnlaget på øyane, men noen av øyane eigna seg betre enn andre. Der forholda for jordbruk ikkje var så gode blei fiske ei hovudnæring, eller i det minste ei viktig attåtnæring. Øyane hadde eit nært forhold til Stavanger. Her fekk dei seld produksjonen sin, og her var det også muleg å få attåtarbeid. Det aller meste av jordbruket blei avvikla i 1950- og 1960-åra og areala regulert til bustadformål.

Mange av øyane har fått fastlandssamband. Grasholmen, Sølyst, Engøy, Buøy og Hundvåg da Bybrua blei opna i 1978, Seinare blei også Bjørnøy, Roaldsøy og Ormøy knytt til dette sambandet. Åmøy blei knytt til Rennfast i 1992. Men framleis er fleire av øyane avhengige av rutebåtar eller eigne båtar for å komma til byen.