HAFRSFJORD
Kva som eigentleg skjedde i Hafrsfjord er under stadig debatt. Dei siste åra er det gjort ein stor innsats for å finne konkret materiale som kan underbygge historia, utan at ein så langt har lukkast. Men innerst i fjorden, på Mølleberget rett attmed fylkesveg 405 gjennom Madla, står monumentet «Sverd i fjell» og skal vitne om fred og fridom. Monumentet er laga av skulptøren Fritz Røed frå Bryne og blei avduka av Kong Olav i 1983.
Monumentet skal minne om slaget i Hafrsfjord i 872 eller der omkring. Det er ikkje alle historikarar som tør å vera så nøyaktige i tidfestinga av slaget. Noen meiner slaget måtte finne stad seinare, men at det var Harald Hårfagre som kom sigrande ut av slaget ser det ut til å vera semje om, sjølv om ikkje alle har like stor sympati med austlendingen som la vestlandet under seg.
Harald skal ha vore av Ynglingeætt, ei rik og mektig ætt med sete i Vestfold. Osebergfunnet er ei av kjeldene til kunnskap om dette miljøet. Det gjorde Harald til «innlandsnorsk stammeoverhode og kystnorsk krigerhøvding i same person», skriv Andreas Holmsen i norgeshistoria si. Andre har reist tvil om dette opphavet. Snorre blir ikkje lenger sett på som ei så pålitleg kjelde som ein gjerne kunne ønske seg.