Tøgjevågen

Tøgjevågen er friluftsområdet i Nordmarka i Strand, kring 3 km nord for Tau. Det er ein lun våg med skog og svaberg og ein populær badeplass og turområde. Området ligg ut mot Fognafjorden. Og la deg ikkje skræme av naboskapet med pukkverket til Norsk Stein Tau. Det er stort, men Tøgjevågen er skjerma av skog og terreng.

Historia til staden knyter seg til ein husmannsplass under Gard på Talgje. Tøge var ein av tre husmannsplassar i Strand som hørte til gardar på Talgje. Bakgrunnen for at Talgje hadde husmannsplassar på Strandalandet, var at Talgje-gardane åtte Talgjemarka, skriv Jan Alsvik i bygdeboka. Og korleis dette hadde gått til er ei heil historie om stormenn og drap og langvarig strid.

Utgangspunktet var nok at Tøgjevågen blei brukt som beite av bøndene på Gard. Derav namnet ­«Nauta-Tøgje», som også blei brukt som namn på plassen. Tøgje, eller tøke, heng saman med verbet ta, og er nytta om stader der ein tok, fanga eller samla sauer eller andre dyr.

Den første husmannen ser ut til å å ha slått seg ned i Tøgjevågen rundt 1690. Han heit Lauritz og kom frå Båhuslen i Sverige. Han var gift og fekk to søner medan dei budde i Tøge, men namnet på kona er ikkje kjent.

Vi kan følgje busettinga i Tøgjevågen i om lag 200 år. I 1900 budde Eivind Levardsen Talgø og Anna Marie Svendsdtr. Hebnes her. Dei hadde sju barn, men om alle budde heime samtidig er vel uvisst. Dei to eldste, Laurits Andreas og Martin Severin reiste til Amerika i 1887 og 1889. Martin blei verande, og fekk seg stor farm i Iowa. I 1905 flytta dei gjenverande i Tøgje til Alsvik. Og dei tok huset med seg.

Badeplass - Swimming area Fortøyningsbolter - Mooring bolts Ombord- og ilandstigningsbrygge P-plass - Parking Rasteplass - Picknic area Turvei - Foot path
  • fredag

    4 ms
  • lørdag

    2 ms
  • søndag

    4 ms

Området ligger ut mot Fognafjorden, mellom Fogn og fastlandet, ca. 3 km nord for Tau. Lun våg med skog og svaberg. Mye brukt bade- og turområde. Atkomst både fra land og sjø.


Boka: I Fjordane - Ryfylke Friluftsråd Tekst og bilder fra boka:
I Fjordane - Ryfylke Friluftsråd Tekst - Roy Høyby
Foto - Lise Bjelland
Les mer om boka her