Sjubbeholsvågen / Vatlandsvåg

«Dette er nok en kandidat til tittelen «Ryfylkes fineste og luneste havn», skriv Frilufts­rådet sjølv om Sjubbeholsvågen. Vågen er nesten lukka og gir god skjerming, og det er mange flotte tur­løyper på land. Det er kanskje herifrå det er enklast å gå til Grytenuten, den høgaste toppen på Ropeidhalvøya. Her er godt tilrettelagt for båtfolk, altså i Sjubbeholsvågen.

Det blir brukt to namn på denne vågen. Ein seier og skriv Sjubbeholsvågen, men på kartet står det ­Kjølavågen. Sjubbehola/Sjøbbehålå/Sjøbuhålå – som vanleg kan ­namnet uttalast og skrivast på mange måtar - var ein plass inst i vågen under garden Østhus, der det budde folk det meste av 1800-talet. Det var fleire husmansplassar kring denne vågen, og enda fleire kring Bjødnavågen, som er nabovågen sønnafor.

Friluftområde med gjestebrygge, grill/bålplass og gode forhold for bading, fisking og turgåing.

Vatlandsvåg har Joker-butikk og ei romsleg gjestehavn med oppdatert sanitæranlegg. Fint utgangspunkt for turar på Ropeid-halvøya.

Held ein fram inn hovudlaupen i fjorden kjem ein til Kjølvik og Vatlandsvåg. Kjølvik blir skilt frå ­Vatland med Saelva, elva som går frå Vatlandsvatnet, eller Grytevatnet (også her to namn), og som ga grunnlag for drift av ei sag som truleg blei etablert her tidleg på 1500-talet. På 1600-talet skriv Ernst Berge Drange at det var to sager i elva, ei under Vatland og ei under Kjølvik. Det siste av sagbruka var i drift til ut på 1950-taltet, men blei ikkje bygt opp att etter ein brann i 1958.

Området inst i Vatlandsvågen utvikla seg til eit lite bygdesentrum på 1900-talet. Dei første dampskipsrutene stoppa for bording i Bjødnavågen, men i 1903 gikk folk i grenda saman om eit kaiprosjekt og det blei der rute­båtane gikk innom. Det hadde vore gjort forsøk på handel i Vatlandsvåg så tidleg som i 1886, fortel Njål Tjeltveit, men varig butikkdrift ser ut til å ha kome noe seinare da Nordefjorden Handelslag blei etablert. Fjorden blei kalla Nordefjorden før det blei Vatlandsvågen. Seinare endra handelslaget namn til Vatlandsvåg handelslag. Vatlandsvåg fekk og postkontor og telefonstasjon. Handelslaget gikk konkurs i 2004, men året etter blei det starta opp att ny, privat butikkdrift i Vatlandsvåg, nå Joker Vatlandsvåg.

Vi har tidlegare skrive at det var Marvik som fekk kyrkja for Ropeidhalvøya, men det var ikkje før i 1921. I 1890 vart eit av dei første bedehusa i Ryfylke vigsla på Kjølvik. Seinare kom det eit nytt bedehus på garden, «Holger Kjølviks Minne». Det står der ennå.

Den vidare sentrumsutvikla i området skjedde langs bilvegen. I 1980 bygde kommunen eit grendehus, ­populært kalla Helsehuset, langs vegen opp mot fylkes­vegen. Her har det vore lokale både for lege og helsesøster, og det har vore plass til barnehage, trimrom, musikkrom, bank og eit lite møtelokale. Enda noen år seinare, i 1993, blei bygt eit større grendahus på Kjølvikstølen, litt lenger vest langs fylkesvegen mot Hebnes.

Badeplass - Swimming area Båndtvang for hunder - Dogs in leash Fiske - Fishing area Gjestebrygge - Guest pier Grill eller bålplass - Barbecue or campfire place Avfallskonteiner - Waste container Rasteplass - Picknic area Teltplass - Camping site
  • lørdag

    2 ms
  • søndag

    4 ms
  • mandag

    3 ms

Dette er nok en kandidat til tittelen "Ryfylkes fineste og luneste havn". Her finner du en 18 m gjestebrygge med tilrettelagt grill/bålplass. Farvannet i vågen er nærmest lukket, og blandingsskog ned til strandlinjen gir gode skjermingsforhold. Landskapet er ganske bratt med enkelte svaberg ned til vannet. Fra neset på andre siden av bryggen er det fint å stupe/hoppe.

Det er mange flotte turmuligheter i nærområdet. Grytenuten er den høyeste toppen på Ropeid-halvøya, og kan nås til fots fra Sjubbeholsvågen.

[Ut.no for Grytenuten]


Boka: I Fjordane - Ryfylke Friluftsråd Tekst og bilder fra boka:
I Fjordane - Ryfylke Friluftsråd Tekst - Roy Høyby
Foto - Lise Bjelland
Les mer om boka her