Saudasjøen

Det er ingen kjelder til kunnskap om den første kyrkja i Sauda, men Arnvid Lillehammer, bygde­bokforfattar i Sauda, finn det rimeleg å tru at den første kyrkja kunne vore bygd seinast ein gong på 1100-talet. Ho sto på Kyrkjehaugen i Saudasjøen, men korleis ho såg ut veit vi ingenting om.

Etter reformasjonen veit vi litt meir om kyrkja. Ho var i dårleg stand da, og auke i folketalet gjorde at ho blei for lita. Ved inngangen til 1600-talet var det derfor behov for både vøling og utviding. Etter ymse reparasjonar og vedlikehaldsarbeid utetter hundreåret, var det behov for eit nytt, stort løft i starten på 1700-talet. Det heldt i hundre år til. Da blei gamlekyrkja riven, og ei ny bygt opp, men truleg med gjenbruk av brukande materialar. Den nye kyrkja var ferdig i 1806. Det var ei tømra kyrkje, 12 meter lang og 7,5 meter brei. Ho blei på eit tidspunkt dekorert med rosemåling innvendig. Når, og kven som gjorde det veit vi ikkje heilt sikkert, men Lillehammer tykkjer det ligg nær å tenkje seg at det var meistermålaren Lars Aslakson Trageton (1770-1839) som blei hyrt inn.

Saudasjøen var sentrum i Sauda før Fløgstadøyra, eller berre Øyra, blei sentrum da industri­utbygginga tok til på starten av 1900-talet. Her var både pensjonat, hotell, butikkar og kaféar.

Kyrkja på Kyrkjehaugen blei riven i 1868 og berre noen få gjenstandar er bevart. Materialane blei seld til bønder i Finnøy for 80 riksdaler. Ryfylkemuseet oppdaga ein del bord frå kyrkja i ei løe på Finnøy for ein del år sidan. Om lag 20 bord blei henta heim til Sauda da løa blei riven på 1980-talet. Desse er nå i kapellet i Saudasjøen. Skal ein få eit bilde av korleis kyrkja såg ut er truleg treskjerararbeida til Ola Fagerheim det beste å ty til. Ein del av desse har vore utstilt i Saudahallen, i sentrum av Sauda. Men Kyrkjehaugen ligg der framleis, og er freda som mellomalderkyrkjegard.

Sjølv om Saudasjøen hadde kyrkje, måtte ­Saudabuen til Sand eller Jelsa, eller like til Stavanger, om dei ville på handel. Først i 1790 fekk Sauda sin første gjestgjevar. Frå da vaks Saudasjøen fram som det første bygdesenteret i Sauda.


Boka: I Fjordane - Ryfylke Friluftsråd Tekst og bilder fra boka:
I Fjordane - Ryfylke Friluftsråd Tekst - Roy Høyby
Foto - Lise Bjelland
Les mer om boka her