Søre Børøyholmen

Også Søre Børøyholmen, tilliks med Sauøy, er sikra for allment friluftsliv. Det er også den mellomliggande Forøya, men der er det inga tilrettelegging for besøkande.

Friluftsrådet har lagt til rette med eit breitt tilbod av fasilitetar på Søre Børøyholmen: Gjestebrygge, gapahuk, grillplass, toalett – med universell utforming, miljøstasjon og you name it. Her manglar ingen ting for å nyte det gode livet ein dag eller to.

Børøyholmane ligg på austsida av kommunegrensa mellom tidlegare Finnøy, nå Stavanger, og Hjelmeleland. Vi er altså i Hjelmeland kommune, og Børøyholmane hører til garden Børøy med same namn som øya. Børøy er skilt frå Hovdaneset, den sør-vestre delen av Randøy med det smale Børøysundet. Børøy-garden og dei mange hyttene på Børøy har fastlandssamband over Randøy, men ut til Børøyholmane går det ingen veg.

Det er spor etter gammal busetting på Børøy. Det er gjort funn frå så langt tilbake som steinalderen. Men det var eit begrensa areal bøndene på Børøy hadde til rådvelde, så dyra blei sende på sommarbeite andre ­stader, som til stølsbeite i Årdal. Som for andre øybuar tok folk ut på fiske når høvet baud seg. Dei var med både i sild- og brislingfisket, hummarfisket og laksefisket, fortel bygdebokskrivaren, Trygve Brandal.

RENN-RAND – EIN TAPT VISJON FOR ­SMÅØYANE I RYFYLKE

Trua på at det var bilen, og ikkje båten, som skulle berge Ryfylke frå forgubbing og fråflytting har vore sterk like sidan dei første ideane om ein samanhengande bilveg gjennom Ryfylke blei kasta fram av Forsand-ordføraren Torgeir Espedal i 1932. Ryfylkevegen kom etter kvart, sjølv om han ikkje blei samanhengande. Vegen blei opna i 1965, men det var nødvendig med ferje både over Hidlefjorden, Jøsenfjorden og Sandsfjorden. Seinare har vi fått både Rennfast, Finnfast, Ryfast og bru over Sandsfjorden, og talet på ferjestrekningar har minka tilsvarande. Men noen har aldri fått det fastlandssambandet dei ønskte seg, og utsiktene til å få det kan sjå ut til å vera små.

«Den demografiske klokka er ikkje på lag med fleire av småsamfunna i Ryfylke», skreiv Aftenbladet i 2013. Da hadde talet på fastbuande og skulebarn minka kraftig i mange av dei små øysamfunna som ikkje hadde fått fastlandssamband. Mange av øyane var blitt vinterstille hyttesamfunn der dei siste fastbuande såg små utsikter til ei framtid for seg og sine. Men medan dette ennå var vitale lokalsamfunn var også desse med i visjonane for eit vegnett på høgde med det ein fann andre stader, og særleg på Jæren som var det mest iaugefallande samanlikningsgrunnlaget, uakta medvitet om ulik befolkingsutvikling.

I det siste er det skoga mye på Søre Børøyholmen slik at han er blitt meir tilgjengeleg. Fin plass for telting, men du må dele plassen med sauen som går på beite her. Friluftsrådet har lagt til rette med eit breitt tilbod av fasilitetar: Gjestebrygge, gapahuk, grillplass, tialett – med universell utforming og miljøstasjon.

Badeplass - Swimming area Fortøyningsbolter - Mooring bolts Fiske - Fishing area Gapahuk - Lean-to shelter Gjestebrygge - Guest pier Grill eller bålplass - Barbecue or campfire place HC-toalett Infoskilt - Infosign Avfallskonteiner - Waste container Rasteplass - Picknic area Teltplass - Camping site Tursti - Footpath Dykking - Scuba diving
  • fredag

    6 ms
  • lørdag

    8 ms
  • søndag

    8 ms

Børøyholmane ligger på sørvestsiden av Randøy vest i Fisterfjorden.

Dyr på beite hele året, husk båndtvang.


Boka: I Fjordane - Ryfylke Friluftsråd Tekst og bilder fra boka:
I Fjordane - Ryfylke Friluftsråd Tekst - Roy Høyby
Foto - Lise Bjelland
Les mer om boka her