Rossøysundet

Rossøysundet ligg mellom Rossøya og Sylsøya sør på Fogn. Sundet har ei lang historie som havn, og har vore eit av dei mest populære båtutfartsområda i Ryfylke i mange år. Nå er det eit godt tilrettelagt friluftsområde med svaberg, bukter, viker og sund med mange gode utvegar til fortøying. Friluftsårdet har sett opp to tradisjonelle stavkonstruksjonar som gapahukar der friluftsfolket kan søke ly. Det går ein tursti som tar deg rundt øya og opp til det høgaste punktet, Rossøyfjellet, med flott utsikt over Ryfylke.

Den sørvestre delen av Fogn, inklusive Rossøy, hørte til garden Hovda, av hovde – fjellpynt, som truleg er den eldste av gardane her. Den markerte fjellpynten kan vera Borgåsen som ligg litt aust for Hovda, mellom Hovda og den noe nyare Runastad. Borgåsen var ei bygdeborg i folkevandringstida (400 – 600 e.Kr.). Åsen, eller fjellet, har nokså bratte sider, bortsett frå ei noe slakare helling mot nordaust og sørvest. Oppe på borgplatået er det restar etter steinmurar. «Her må det ha vore lett å forsvare seg mot inntrengjarar», skriv Halvard Bjørkvik i bygdeboka. Han kan endatil fortelje at det er tilgang til vatn på toppen. Borgen var nok eit forsvarsanlegg for fleire av gardane sør på Fogn.

Dagfinn Brosvik har kome heilt frå Beregen for å nyte fine dagar i Rossøysundet. Han rek kysten opp og ned heile sommaren med sin Grand Banks 36 classic frå 1988.

Mai og Sigbjørn Dreggevik frå Idsø er blant dei som tykkjer Rossøy er ein fin plass. Dei reiser rundt i «Karoline», ein velbrukt Skarpnes 3 som dei har hatt sidan 1992. Det er ein romsleg og god båt tykkjer dei.

Ingen annan gard på Fogn hadde så mange husmannsplassar som Hovda. Tala veksla frå tid til tid, men var på det meste oppe i 7. Det var ved Rossøysundet dei første husmennene på Hovda slo seg ned. Bjørkvik reknar med ein plass i sjølve Rossøysundet, på Sylsøy, to på Rossøynå, Ågeplassen og Hiljeplassen, og i tillegg Nygrund, ein nyare plass på Fogna-sida. Det er godt synlege spor etter husmannsplassane på Rossøy langs turstien.

Men det mest imponerande minnet etter busettinga på Rossøy er muren til ei løe som blei sett opp her rett før 1900. Etter det som er notert ned under registreringa av faste kulturminne i Finnøy i 1986, var det ein Jon Hovda som ville setta seg til på Rossøyna, og som fekk bygt seg ei romsleg løe, men så fekk han lærarjobb og avslutta prosjektet. Løa blei flytta til Sæbø i 1914, men muren står att. Det finst og ei historie om at det var Johan Hovda som fekk skilt ut Rossøy i 1911, og som sette i gang med murar til ei løe og eit våningshus. Det kan vera same historia, berre at namn og årstal og korleis det eigentleg hang saman har gått litt tapt på vegen. I dag er det staten som eig Rossøy.

Badeplass - Swimming area Fornminne - Prehistoric Fiske - Fishing area Gapahuk - Lean-to shelter Grill eller bålplass - Barbecue or campfire place HC-toalett Infoskilt - Infosign Rasteplass - Picknic area Teltplass - Camping site Tursti - Footpath Søppelstativ Kai Beitedyr
Her kan du se en luftig film om friluftsområdet
  • lørdag

    7 ms
  • søndag

    11 ms
  • mandag

    7 ms

Rossøy er et mye brukt friområde som ligger sentralt til i Ryfylke.

Rossøysundet har vært brukt som havn i hundrevis av år. I moderne tid er det blitt et tilrettelagt friluftsområde med svabergkyst, bukter, viker og sund med mange gode fortøyningsmuligheter. Området har en interessant kulturhistorie som du kan lese om neste gang du besøker Rossøy.

Dyr på beite hele året, husk båndtvang.

[Link til Vestkystparken.no]


Boka: I Fjordane - Ryfylke Friluftsråd Tekst og bilder fra boka:
I Fjordane - Ryfylke Friluftsråd Tekst - Roy Høyby
Foto - Lise Bjelland
Les mer om boka her