Marøy

Det er berre hustufter og naustgrunnar som møter ein når ein går i land på Stora Marøya nå. Men husgrunnane er mange og store, det er restar etter ein forseggjort veg frå sjøen opp til det som var gardstunet, det er lange og forseggjorte steingjerde, og det er store, varmekjære tre som vitnar om eit godt klima. Mar eller marr, som er førsteleddet i namnet, betyr rett og slett sjø eller hav.

Marøy er ikkje mellom øyane som kan skilte med den mest prangande historia mellom byøyane, men det er ei interessant historie knytt til øya som altså eigentleg heiter Stora Marøya. Litle Marøya ligg litt lengre nord og er freda som naturreservat med forbod mot ilandstiging mellom 15. april og 1. august.

Stora Marøya er rik på murar etter bygningane som sto der fram til slutten av 1950-talet. Øvst støa og naustet på vestsida. Derfrå fører ein veg opp til restane etter gardshusa midt oppe på øya.

«Ein steinklump i Gandsfjorden», kallar Erik Thoring Store Marøy i eit hefte som er utarbeidd av Naturvernforbundet i Rogaland, men han iler straks til med ei forteljing om eit landskap rikt på minne om levd liv. Øya blei fråflytta i 1958, kjøpt av Stavanger kommune i 1960, tilplanta med sitkagran og buskfuru med den følgje at øya grodde sakte og sikkert att. I 1999 utarbeidde Stavanger kommune og Ryfylke friluftsråd ein skjøtselsplan for restaurering av det gamle kulturlandskapet, Naturvernforbundet tok på seg eit dugnadsarbeid og offentlege etatar bidrog med pengestøtte. Denne innsatsen har etter kvart ført til gjenskaping av ei øyperle berre eit kvarters rotur frå land.

Det starta med ein husmannsplass i 1809. Eller øya kan vel ha vore brukt til beite før det. Ho hørte til Hetland prestegard. I 1809 blei det rydda ein husmannsplass på Stora Marøya. Etter kvart blei det eit sjølvstendig gardsbruk. Det var jord nok til å fø ein familie der. I 1875 hadde dei både kyr, sauer og griser på øya, i tillegg til at dei dyrka korn og poteter, og slik heldt det fram like til i 1907. Da kjøpte forretningsmenn i Stavanger garden, og slaktar Idsøe brukte han nok som beite for dyr.

Noen år seinare, i 1913 blei garden kjøpt av ­Natmissionen og gardshuset blei påbygt og brukt som heim for «alkoholslaver». Men alkoholikarheimen var truleg ingen suksess etter at sal og servering av brennevin blei forbode. Stora Marøya blei seld til kommunen for ein rimeleg penge, og i 1923 seld vidare til staten. Staten etablerte ein karantenestasjon, i hovudsak for sau, og forpakta bort garden og tilsynet med dyra. Det var Katrine Kristine Wilhelmine Sivertsen og dotter hennar, Wilfrid Olsen med familie, som styrte med garden og karantenestasjonen. Wilhelmine budde på Store Marøy i 35 år, til garden blei fråflytta i 1958.

Husa brann ned eller blei rivne nokså raskt etter fråflyttinga. Delar av den samanbygde løa og våningshuset blei bruk i ei løe på Lindøy. Rogaland Jeger- og Fiskeforening leigde øya for å drive med hareoppdrett i 1960-åra. Framleis er spora etter busettinga og drifta godt synlege i landskapet. Nord på øya ligg ei nokså godt skjerma bukt med ei stor og flott steinbrygge. Over neset mot aust hadde garden naust. Tufta etter dette ligg der ennå.

Sidan 2000 har Naturvernforbundet i Rogaland saman med Stavanger kommune, Ryfylke friluftsråd og andre organisasjonar og enkeltpersonar rydda det attgrodde kulturlandskapet, restaurert kulturminne og tilrettelagt for friluftsliv på øya. Det er lagt opp ein interessant rundtur på øya med sju postar som ein kan finne opplysningar om ved bruk av smarttelefon. Øya blir og brukt som beite for villsau.

Det er lagt ned tusenvis av dugnadstimar for å gjenskape kulturlandskapet på Stora Marøya, og rydde fram spora etter dei generasjonane som levde liva sine der i ein periode på 150 år utan verken straum, rutetilbod eller andre fasilitetar.

Fortøyningsbolter - Mooring bolts Fiske - Fishing area Infoskilt - Infosign Verneområde - Protected area Steinbrygge - Stone pier Tursti - Footpath
Her kan du se en luftig film om friluftsområdet
  • lørdag

    4 ms
  • søndag

    6 ms
  • mandag

    4 ms

Denne perlen rett øst for Breivik båthavn er blitt ryddet og tilrettelagt for friluftsliv av Naturvernforbundet.I flere år har ivrige dugnadsfolk ryddet, svidd av og restaurert det gamle kulturlandskapet på Store Marøy. I sommersesongen går det gratis badebåt fra Breivik båthavn og ut til Marøy. Båten har ingen påmelding (les mer på link nederst).

Du kan oppdage Store Marøy med smarttelefonen! Marøyløpa består av 7 poster som du kan finne fram til ved å gå inn på storemaroy.no. I tillegg til Marøyløypa med 7 poster finner du masse bilder og spennende tekster om øyas natur- og kulturhistorie. Opprinnelig har det vært kursted for alkoholikere, karantenestasjon for sau og det har vært drevet oppdrett av hare på øya (les mer på link nederst).

Rett nord for øya ligger Litle Marøy sjøfuglreservat med begrensninger mot å gå i land i hekketida (les mer på link nederst).

Dyr på beite hele året, husk båndtvang.

[Oppdag Store Marøy på mobilen]
[Info om badebåt til Store Marøy]
[Forskrift om fredning for Litle Marøy naturreservat].


Boka: I Fjordane - Ryfylke Friluftsråd Tekst og bilder fra boka:
I Fjordane - Ryfylke Friluftsråd Tekst - Roy Høyby
Foto - Lise Bjelland
Les mer om boka her