LÅDERVIKA
Namnet blir skrive på mange måtar, men blir tolka som ein opphaldsstad for sel og kobbe. Namnet kjem av gamalnorsk látr.
Låderviga, eller Lodervik, var husamannsplass under Idsal. Dei første vi veit om var Syvert Sjursen og Kari Håvardsdtr. som slo seg ned der da dei gifta seg i 1865. Det var nokså smått. I starten hadde dei berre noen sauer, seinare fekk dei også ei ku. Og så hadde dei noen små åkerlappar der dei dyrka litt havre og poteter. Dei må ha hatt noe inntekter utanom, og vi veit at dei tok inn fiskarar som overnattingsgjester. Husa ligg bratt opp frå kaiplassen i vika.
Låderviga er ei lun og fin vik for båtturistar.