Jørpelandsholmen

Rett utfor Vågen i Jørpeland ligg Jørpelandsholmen. Holmen er dei siste åra både blitt eit båtutfartsområde og ein bypark for Jørpeland. Det er bru over sundet ut til holmen frå baksida av butikksenteret ved stålverket, og kjem du med båt er det god brygge med alle fasilitetar rett sør for brua, på innsida av holmen. Universelt utforma tursti rundt holmen. Frå vestsida utsikt til kunstverket Solspeilet på Klungholmen. Fin ankringsplass på innsida av Fjellsholmen, men noe grunt.

Jørpelandsholmen var i bruk som husmannsplass under garden Jørpeland frå slutten av 1700-talet og eit hundre års tid. Av oversynet over dei som har budd på Jørpelandsholmen i bygdeboka for Strand ser det ut til at fleire livnærte seg som fiskarar eller sjømenn attåt det utbyttet plassen kunne gi. I 1881 blei Jørpelandsholmen skilt ut og var i bruk som sjølvstendig bruk fram til han blei seld til Ryfylke Kraftanlæg i 1909.

Arbeidet med tilrettelegging av holmen for friluftsformål starta i 2009. Til sommaren 2017 blei brua opna og det viste seg raskt at holmen blei ein svært populær plass for turar og utfarter av alle slag. Det er sett opp teljar på brua og det har vist seg at besøkstalet kan konkurrere med besøkstalet på Preikestolen.

Det er registrert spor etter steinaldarbusettingar både nord på holmen, rett opp for småbåtkaien, og heilt på sørsida. På det høgaste punktet lengst sør er det registrert eit gravfelt.

Da gangbrua frå stålverksområdet over til Jørpelandsholmen blei opna i 2017 fekk Jørpeland ein flott bypark som viste seg å bli eit svært populært tur- og utfartsområdet. Friluftsrådet har brygge med alle fasilitetar på austsida av holmen.

I 1912 kom Wilhelm Sauer til Jørpeland som ståltappar på verket. Han kjøpte holmen og bygde nye hus der. Etter det tok ein til å kalle holmen for Sauerholmen. Han blei saman med Josefine Dale Olsen frå Hyllestad som han seinare gifta seg med. Dei fekk to barn medan dei budde på holmen. Men lukka var ikkje så langvarig. Wilhelm døydde alt i 1933, berre 42 år gamal og den midtre delen av holmen blei etter ei stund seld til Harald Thorin Haugen og seinare til stålverket.

Josefine Sauer åtte framleis den nordre delen av holmen, og sonen Willy brukte i mange år huset her som sommarhus. Strand kommune overtok seinare denne eigedomen. Den austre delen av holmen hørte til gardane på Tungland og blei kalla for Tunglandsholmen. Den var felleseige for Tunglandsgardane og blei brukt til beite i 1940- og -50-åra. Medan dei hadde kyr der måtte dei ut for å mjølke to gonger om dagen.

SOLSPEILET

Solspeilet er eit kunstverk og eit landemerke på Klungholmen, mellom Jørpelandsholmen og Fjellsholmen laga av Stian Heimlund Skjæveland. Det er ein 8 meter høg pyramide laga i rustfritt stål. På nettsida som omtalar kunstverket blir det opplyst at Solspeilet er dekorert med historiske symbol, runer og ornament m.a. frå Osebergskipet. Pyramiden er omkransa av 12 bautasteinar i ein omkrins på 8 meter.

Kunstverket blei ferdigstilt i 2016 og er ­finansiert med midlar frå det private næringslivet, Rogaland ­fylkeskommune, Strand kommune og Ryfylkefondet. Det er synleg både frå Ryfylkevegen og frå turstien på Jørpelandsholmen, og sjølvsag frå båt.

Kunstnaren, Stian Heimlund Skjæveland (f. 1973), er ein figurativ kunstnar og skulptør. Han har utdanning frå Kunstskulen i Bergen, Merkantilt institutt og Teikne- og maleskolen i Bergen. Han bur og arbeider på Jørpeland.

På Klungholmen, som ligg på vestsida av Jørpelandsholmen, i sundet mellom Jørpelandsholmen og Fjellsholmen, blei det i 2016 avduka eit kunstverk kalla Solspeilet, laga av kunstnaren Stian Heimlund Skjæveland. Kunsten er synleg både frå Jørpelandsholmen, frå sjøen og frå Ryfylkevegen.

Badeplass - Swimming area Båndtvang for hunder - Dogs in leash Fortøyningsbolter - Mooring bolts Flytebrygge - Floating pier Fiske - Fishing area Gangbru - Bridge Gapahuk - Lean-to shelter Grill eller bålplass - Barbecue or campfire place HC-toalett Avfallskonteiner - Waste container Ombord- og ilandstigningsbrygge P-plass - Parking Teltplass - Camping site Tursti - Footpath Turvei for HC - Footpath suitable for HC Dykking - Scuba diving
  • lørdag

    7 ms
  • søndag

    9 ms
  • mandag

    8 ms

Fint naturområde med tursti. Følg stien nordover fra bryggen så kommer til et område med utskårede trefigurer, grill og benker. Gapahuk ligger på motsatt side av holmen, dessverre uten fortøyningsmuligheter. Noen fortøyningsringer ved bryggen.


Boka: I Fjordane - Ryfylke Friluftsråd Tekst og bilder fra boka:
I Fjordane - Ryfylke Friluftsråd Tekst - Roy Høyby
Foto - Lise Bjelland
Les mer om boka her