Forøya / Fårøy

Midt mellom Byre og Børøy, midt i det som er peika ut som eit særleg verdfullt friluftsområde, ligg Forøya. Øya har hørt til gardane på Byre, og vore ein del av utmarka deira, men blei i 1950 kjøpt av Sigvald Bergesen og er i eiga til etterkomarane hans nå.

Ei tid var det ein husmannsplass på øya, men truleg ikkje så lenge. Vi finn at Ola Sørensen flytta hit med den mye yngre kona si, Andria Middelsdotter og tre barn kring 1870. Dei livnærte seg av jordbruk og fiske. Dei dyrka korn, poteter og noe rotgrønsaker, og så hadde dei sauer. Etter kvart kom det to barn til. Men Andria døydde tidleg, og i 1905 blei Forøya fråflytt. Søskena Mallin, Søren Olaus, Olava og Anna flytta til Fogn saman med faren som var blitt enkemann. Dei tok huset med seg, og i 2018 kunne Stavanger Aftenblad i ein gladsak frå Fogn fortelja at huset nå er i bruk som sjarmerande feriehus for oldebarnet Astrid Eike Jacobsen.

Forøya har ei spennande historie som steinleverandør. Kaien på nordsida av øya vitnar om stor dugleik i steinarbeid. Det er først og fremst speidarane som har brukt Forøy, eller Fårøy, men nå kjem det på plass ein avtale som gjer at Forøya blir betre tilrettelagt også for båtfolk flest.

I bygdeboka for Finnøy skriv Halvard Bjørkvik at det kom opp eit nytt hus på Forøya i 1900. Stavanger Havnevesen dreiv steinbrot på Forøya – Steinkarkaien i Stavanger skal vera mellom dei som er bygde av Forøy-stein - og det var behov for husrom til folk som arbeidde der. Paul Valen var formann i steinbrotet, og det var han og kona Guro Haldorsdotter som budde i huset saman med to arbeidarar. Eit minne om steinbrotet er ei godt bygd steinbrygge i vika på nordsida av øya.

Elles er det sjøspeidarane i Sandnes som reknar Forøya som si øy. Sjøspeidarane blei starta i 1958, og nokså snart ser det ut til at dei fekk til ein avtale med Sigvald Bergesen om å bruke Forøya til ei årleg pinseutflukt. I 2007 kunne leiaren for speidarane, Sigmund Andreassen, fortelja til Aftenbladet at dei var klare for sin meir-enn-femtiande pinseleir på Forøya. Da var det rundt hundre speidarar fordelt på 10 båtar som var klare for tur.

Det er såleis ikkje til å undre seg over at Forøya også har vore ein populær, om ikkje så godt kjent liggeplass for båtfolket i Ryfylke. Det er berre ei brygge der, i vika på nordsida av øya, men gode liggeplassar både på aust- og sørsida. «Fårøy ligg midt i smørauga for båtfolk som rek rundt i Ryfylke», skriv Jone Laugaland i bloggen sin. «Når du har fortøyd ved steinbryggja, har du utsyn til Halsnøy og Børøy.»

Båndtvang for hunder - Dogs in leash
  • søndag

    9 ms
  • mandag

    5 ms
  • tirsdag

    2 ms

Boka: I Fjordane - Ryfylke Friluftsråd Tekst og bilder fra boka:
I Fjordane - Ryfylke Friluftsråd Tekst - Roy Høyby
Foto - Lise Bjelland
Les mer om boka her