Flørli

Den mest fantastiske, uventa og overveldande ­bygningsmassen i Lysefjorden finn ein i Flørli. Også her har dei som har registrert gamle hus i Forsand funne eit par bygningar frå før 1900, men det er ikkje dei som er mest interessante. Flørli er eit komplett kraftverkssamfunn i liten og overskodeleg målestokk. Her er det god gjestebygge både for små og litt større båtar, og for kajakkar. Flørli 4444 byr på både mat og overnatting. Flørli er eit godt utgangspunkt for turar i fjellet.

Men det budde altså folk i Flørli før kraftutbyggarane kom dit. Flørli var den inste garden på sørsida av Lysefjorden. Gardshusa sto eit stykke opp i lia, og våningshuset står der ennå, nå omgjort til turisthytte for Stavanger Turistforening. Nede med fjorden var det ein plass under Flørli, kalla Holmen. Plassen låg på ein «holme» mellom Flørlielva og ein part av elva som rann i sjøen noe lenger ute. Også våningshuset på Holmen står ennå som ein del av bygningsarven i Flørli.

Rundt kraftverket i Flørli blei det bygt eit heilt lite samfunn med bustadar og bygningar til ulike samfunnsfunksjonar. I dag kan ein få både mat og husrom i Flørli, og ein kan starte eller avslutten fjellturen der. Det er gjestehavn og fine forhold for båtfolk av alle slag.

Alt i 1910 blei vassrettane i Flørli handgivne til kraftutbygging, men det var først noen år seinare forretningsmannen Einar Meling frå Stavanger kjøpte heile garden med hei og utmark for 16 000 kroner. Planen var å nytte krafta i eit smelteverk, som det også skulle ryddast plass til i Flørli. Nå gikk det ikkje så bra med smelteverks­planane, men kraftverket sto ferdig i 1918. Det er skrive både tjukke bøker og tynne hefte om kraftutbygginga i Flørli - ei av dei mest interessante er heftet til Forsand sogelag om anleggsarbeidet - så vi treng ikkje bruke så mye plass på den her, men i 2018 kunne ein tromme saman til jubileumsfest og store ord der Flørli blei utnemnt til den tredje store attraksjonen i Lysefjorden etter Preikestolen og Kjerag. Og korleis står det nå eigentleg til med dette store og viktige kulturminnet som både er kulturlandskap og nasjonal industrihistorie, og som er slik utforma at det har pedagogiske kvaliteter som overgår mange andre kraftverkssamfunn?

Det er i alt eit tjuge-tal hus i Flørli. Det er losjihus, velferdsbygg, funksjonærbustadar, ingeniørmesse, ­maskinistbustad, skule, butikk, postkontor, kaihus, brannstasjon og eit lite kraftverks som blei brukt i anleggstida. Og så sjølvsagt den store kraftstasjonen. Husa ligg fint til oppetter frå sjøen, med tørrmura støttemurar, stiar og trapper i mellom. Losjihusa nedst, funksjonærbustadane i mellom og ingeniørmessa og maskinist­bustaden øvst. Det er ein struktur vi kjenner godt att frå andre industrisamfunn, men om han er uttrykk for eit strengt hierarki veit vi ikkje så mye om. Det vesle, isolerte samfunnet skapte og grunnlag for eit samhald som overskugga ei muleg klassedeling.

I 1999 var det slutt med kraftproduksjonen i den gamle kraftstasjonen og den siste fastbuande hadde alt flytta frå Flørli. Etter 81 års drift overtok eit moderne, fjernstyrt kraftverk 775 meter inn ei fjellet.

Noen av husa er etter det selde til private, Stavanger turistforening, og Ryfylke friluftsråd eig kvart sitt hus, resten er i eiga til Stavanger kommune. Planen var at kraftstasjonen og den 1470 meter lange trappa, som tar oss 741 høgdemeter opp ved hjelp av 4444 trappetrinn skulle rivast. Men alle var ikkje samde om at det var ein god plan. Dessverre blei dei fleste av aggregata i kraftstasjonen demonterte før verneinteressene fekk gjennomslag.

Kari Thu i Rogaland reiselivsråd såg eit potensiale i Flørli, og bestilte ein mulighetsstudie av Hanne ­Thomsen som da også var styreleiar i Stavanger turistforening. Dette førte nokså snart til praktisk handling, og Thomsen sette i gang med ulike aktivitetar der ho m.a. tok kraft­stasjonen i bruk til utstillingar, konsertar og utleige. Det var mye entusiasme og idealisme, og ikkje så mye butikk, men Flørli hadde fått eit feste i medvitet til ålmenta, og beslutningstakarar især, før Thomsen ga seg i 2007.

Lindøy er truleg meir eit begrep enn ein stad. Ingen som har v akse opp i Rogaland dei sistemanns-aldrane er i tvil om kva Lindøy er. Det er tvang og fengsel, ris og straff, og var du ikkje snill var siste utveg å sende deg dit. Eller var det slik? Kjell Gjerseth, tidlegare journalist i Stavanger Aftenblad, har samla historier om Lindøy, og kome ut med ei meir nyansert forteljing.

Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipisicing elit. Deserunt distinctio magni officia provident. At ipsa non perferendis quis. Blanditiis corporis exercitationem magnam maiores molestias nostrum, veritatis. Ipsam nobis officia unde.Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipisicing elit. Deserunt distinctio magni officia provident. At ipsa non perferendis quis. Blanditiis corporis exercitationem magnam maiores molestias nostrum, veritatis. Ipsam nobis officia unde.

Den liten demo med liten skrift :) Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipisicing elit. Deserunt distinctio magni

officia provident. At ipsa non perferendis quis. Blanditiis corporis exercitationem magnam maiores molestias nostrum, veritatis. Ipsam nobis officia unde.Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipisicing elit. Deserunt distinctio magni officia provident. At ipsa non perferendis quis. Blanditiis corporis exercitationem magnam maiores

Badeplass - Swimming area Båndtvang for hunder - Dogs in leash Drikkevann - Drinking water Fiske - Fishing area Gjestebrygge - Guest pier Grill eller bålplass - Barbecue or campfire place Kiosk Rasteplass - Picknic area Kulturminne - Cultural heritage Teltplass - Camping site Toalett med dusj - Toilet with shower Tursti - Footpath Utsiktspunkt - Viewpoint WC for HC WI-FI
  • mandag

    1 ms
  • tirsdag

    5 ms
  • onsdag

    12 ms

Foruten en av verdens lengste trapper med 4444 trinn langs gamle kraftgater, har Flørli en mer tradisjonell vei til fjells langs den gamle stølsveien. Den leder opp dalsiden til et uventet frodig stølsområde 400 m.o.h.

Flørli har fått et nytt, flott gjestebryggeanlegg som har gjort Flørlibygda, trappene og tuområdene i nærheten vesentlig mer tilgjengelig for flere. Bryggeanlegget har noen grunne partier, men det meste av bryggen har minimum 1,5 m dybde.

Flørli er også et godt utgangspunkt for lengre fjellturer i Frafjordheiene, enten sørover mot Blåfjell og Hunnedalen, vestover mot Vinddalen og Forsand eller østover mot Langavatn og Kjerag.

[Ut.no for turforslag]
[Florli.no]

VIKTIG INFO: Personer og kajakk til/fra Flørli må bestille plass på forhånd via bestilling.kolumbus.no. Velg "Motorsykkel/MC" og skriv inn "Kajakk" i feltet for MC merke/modell. Evt ring direkte til båten på 916 52 800 (tast 3). Merk at det ikke er bilvei til Flørli.


Boka: I Fjordane - Ryfylke Friluftsråd Tekst og bilder fra boka:
I Fjordane - Ryfylke Friluftsråd Tekst - Roy Høyby
Foto - Lise Bjelland
Les mer om boka her