FJØLØY FYR
Det var dei store sildefiskeria på 1800-talet som reiste behovet for fyr som kunne trygge skipsleia nordover mot Bergen. I 1849 blei det sett i drift ikkje mindre enn åtte fyr, mellom desse fyret på Fjøløy.
Det første fyret var ei enkel lykt som skulle lyse under sildefisket mellom desember og mars og som hadde ein mellombels karakter. Men alt etter første sesongen blei det reist krav om meir kontinuerleg drift, og brennetida blei gradvis utvida. Fyret blei forbetra i fleir omgangar. I 1866 sette Fyrvesenet opp ein 70 kvadratmeter stor fyrvaktarbustad med fyrlykta ved husveggen i høgd med stova, og frå denne tida budde fyrvaktaren i sjølve fyret. I 1883 blei det sett inn eit linseapparat som ga mye betre lys, og i 1939 kom det straum til fyret. Men straumforsyninga var såpass ustabil at det framleis var behov for tilsyn med fyret. Den gamle fyrvaktarbustaden blei erstatta med ein ny i 1954. Attåt sjølve fyret og fyrvaktarbustaden, er det eit fint mura naust og ein innmura kjøkkenhage ved fyret.
Fram til 1956 var det både fyrmeistar og fyrbetjent ved fyret, men da fyrmeistaren gikk av med pensjon i 1977 blei fyret automatisert.