Dørvika

Dørvika er ei lun og fin badevikvik nordaust for Forsand sentrum. Sandstrand innerst i vika og svaberg ut på begge sider. Stranda er tilgjengeleg både med båt og bil på FV 496 frå Forsand sentrum.

Det er tufter etter tidlegare busetting opp frå ­Dørvika. Under Nedre Eiane var det ein stusseleg husmannsplass kalla Pannevik. Tuftene etter denne viser godt att i terrenget. Men det var ein dårleg plass. Bygdebokskrivaren, Sigleif Engen, skriv at «innmarka og utmarka var oversådd med stein, stor stein og mindre stein, jordfast stein og laus stein. Det må ha vore eit svært arbeid å rydja jorda og lø opp gardar og husmurar. Stein har det i minsto ikkje skorta på». Engen har funne at den første som budde der var ein Ola Pålson i 1706. Det skal ha budd folk i Pannevik, eller Pannevigjå lenge, Dei siste som budde der var Bjørn Gunnarson og Anna Kristina Jakobsdtr. Dei hadde fire barn og reiste til Amerika kring 1860. Dei som heldt ut litt lenger kunne få seg arbeid i steinbrota, særleg på Eiane, litt lenger inn i fjorden.

Dørvika kan by på ei fin badestrand på sørsida av Lysaefjorden, ikkje langt inn frå Forsand. Hit kan ein komma både med båt og bil og sykkel. Foto: Ådne Ånensen

Det var den gode kvaliteten på granitten og gneisen på sørsida av Lysefjorden som var grunnlaget for at det utvikla seg ein stor steinindustri her. Opptakten skjedde i 1897 da det blei inngått avtalar om å ta ut stein på Berge, Vika og Eiane. Det var Eiane som blei den viktigaste lokaliteten for uttak av stein, men det var steinbrot også andre stader. Stavanger Stenhuggeri blei skipa i 1899 og utvikla ei omfattande verksemd i åra kring 1900. Ved folketeljinga det året blei heile 75 personar oppførte med yrkestittel steinhoggar eller liknande. Mange kom frå nærliggande bygder og noen frå stader lenger borte, som Hordaland og Sunnfjord, det var endatil fire svenskar i arbeid i steinhoggeriet.

Grillhytte Dørvika

Badeplass - Swimming area Båndtvang for hunder - Dogs in leash Fortøyningsbolter - Mooring bolts Grill eller bålplass - Barbecue or campfire place Avfallskonteiner - Waste container P-plass - Parking Rasteplass - Picknic area Teltplass - Camping site Toalett - Toilet Klatring - Outdoor climbing Dykking - Scuba diving Sykkelsti eller vei - Cycling path or road
  • fredag

    6 ms
  • lørdag

    5 ms
  • søndag

    7 ms

Lun vik på sørsiden av Lysefjorden, ca. 6 km nordøst for Forsand sentrum. Sandstrand innerst i vika og svaberg ut på begge sider. Adkomst både med bil og båt. Ryfylke Friluftsråd forvalter området i samarbeid med Forsand kommune og en gruppe skoleelever. Området er mye brukt av buldrere, padlere, tursyklister og badende.


Boka: I Fjordane - Ryfylke Friluftsråd Tekst og bilder fra boka:
I Fjordane - Ryfylke Friluftsråd Tekst - Roy Høyby
Foto - Lise Bjelland
Les mer om boka her