Rott

Ein gong var det åtte gardsbruk, ei rekke – til dels namngjetne – losar, fiskarar og så mange ungar på Rott at øya fekk sitt eige skulehus i 1875. Skulen gikk ut av bruk i 1961, men skulehuset står der ennå. Det var postopneri og i 1950 fekk dei straum på Rott. Men framtida var ikkje for eit lite øysamfunn vest i havet. Snart var det berre Rolf og Elfrid Rott og dei to ungane deira att på øya, og da Rolf døydde i 2016, berre 71 år gamal, blei Elfrid aleine. Mange lurte på korleis det skulle gå, men det var om våren, fuglane var komne tilbake, det begynte å grønast, som det gjer tidleg på Rott, blomane til Elfrid skulle snart bløme og drivhuset fyllast med grønsaker. Det var trist, men ikkje så trist som det ville ha vore om Rolf hadde døydd om hausten fortalde Elfrid til journalisten da rikskringkastinga fann på å lage program frå Rott i serien «Der ingen skulle tru at nokon ville bu».

Det var i 2020, og det har vist seg at det ikkje berre var Elfrid som ville bu på Rott. To karar med tilknyting til øya hadde og flytta tilbake da. Oddvar Rott, som hadde vore tømrar på fastlandet, men som flytta ut att til Rott da han var blitt aleine og godt og vel pensjonist, og så Jostein Lundal som var tidleg pensjonert losbåtførar. Dette er innbyggarane på Rott. Tre i talet store delar av året, men med godt selskap i helgene og feriane. Da kjem dei heim for å sjå til bruka sine, eller leva gode dagar i hyttene.

«Sagå» på Rott blei bygt i 1917 – på Sand, og har blitt gjenreist på Rott, takka være mange frivillige.

Ein kjenner seg velkomen på Rott.

Rott fekk sitt eige skulehus i 1875. Skulen gikk ut av bruk i 1961, men skulehuset står der ennå.

Rott er nesten to øyar, berre bunde saman med eit smalt eide. Alle husa ligg på den nordre, eller heimre Øynå, her er også havna med alle nausta, som ligg godt skjerma i vågen som skjer inn mellom dei to øyane. Den søndre, eller Vestra Øynå, også berre kalla «Øynå», har vore beiteland for gardane på hovudøya. Den indre delen av vågen, både nord- og sørsida, er regulert til regionalt friluftsområde.

Det er knytt stor historisk interesse til «Øynå». Her er det gjort mange funn av fornminne som tyder på gammal busetting. Aust på øya er det registrert eit stort bronsealderfelt med spor etter hustufter, rydningsrøyser, gardfar og skålgroper. Rundt denne lokaliteten og lenger sør på øya er det fleire spor etter busetting frå før reformasjonen. Men vi må skuffe dei som måtte ønskje å oppsøke fornminna, det skal eit nokså trena auge til for å finne dei.

Oddvar Rott er ein av tre fastbuande på Rott. Den pensjonerte tømraren har sitt eige verkstad i underetasjen av huset han bur i.

Forsamlingshuset, storstova, selskapshuset på Rott, er «Sagå» som er sett opp inst i havna. Her er kaffebar, selskapslokale og kunstnarbustad og ein stad og treffast når folk kjem til øya.

I den lokalhistoriske litteraturen blir det opplyst at det skal vera mange eldre hus på Rott, dei eldste husa frå kring 1850, men ingen hus på Rott har kome med i registreringa av gamle hus som blei gjennomført på 1980-talet. Kanskje var det ingen som tok turen ut til Rott da? Men eitt hus veit vi nokså mye om, sjå omtalen av «Sagå» nedanfor.

NRK la vekt på utfordringane livet på Rott hadde bydd på, og det dramatiske farvatnet rundt Rott. Slik også på heimesida til Tanangers Minne, der strandingar, forlis og store losbragder har fått stor plass. Men det er og ei solside med den frodige hagen til Elfrid, dei nennsomt verna losskøytene til Jostein og den finurlege møbelproduksjonen til Oddvar, det sosiale fellesskapet og det gode livet under ein høg himmel. Rott framstår som eit øylandskap med store kontrastar, men med viktige verdiar og sterk tilknyting for dei som har levd liva sine der. Dei som bur der formidlar at det er ein stad å finne ro og fred.

Men Rott har og vore ein stad folk har reist på tur til i mange høve, og særleg for å feire sankthans. Det var slik Elfrid kom til Rott ein vakker sankthanskveld midt på 70-talet. Det var da ho trefte sin Rolf. Søt musikk oppsto, han inviterte ho ut att neste helg, og sidan fekk dei førti år i lag.

SAGÅ PÅ ROTT

Forsamlingshuset, storstova, selskapshuset på Rott, er «Sagå» som er sett opp inst i havna. Her er kaffebar, selskapslokale og kunstnarbustad og ein stad og treffast når folk kjem til øya. Det er eit stort og flott hus i tre høgder, men hadde dei sag på Rott? Nei, dei hadde ikkje sag på Rott. Saga har ei fortid.

«Sagå» på Rott blei bygt i 1917 – på Sand. Der var «Sands Dampsag og Tøndefabrik» etablert rett attmed elveosen alt i 1896. Svend D. Svendsen var ein allsidig kar som m.a. selde materialar for dampsaga, men i 1917 fann han på å bygge si eiga sag, vegg i vegg med dampsaga. «Svensa-saga» var den første saga som blei driven med elektrisk kraft på Sand. I første etasje sto sagene, ei stor og ei mindre til skjering av tønnestav, i andre og tredje etasjen var det lagerplass, ikkje minst for sildetønner. Tre tusen tønner kunne huset romme, og dei blei alle heiste opp med handamakt.

Det gikk godt, det var jamt fem mann i arbeid på saga, og saga tok unna om lag ein fjerdedel av det tømmeret som blei fløytt ned Lågen. Resten blei fordelt på eit par og tjue andre sagbruk. Det meste av trelasten blei seld til kundar langs kysten, frå Sandnes i sør til Bergen i nord. «Svensa-saga» var i drift til 1973, men sto lenge som eit godt synleg og viktig minne om sagbrukstida på Sand.

Men Sand var ikkje berre tømmer og trelast, det var og ein stad med gamle minne om ei gullbelagt hotelltid. Ulla-Førre-anlegga hadde skapt grunnlag for ein vekst i overnattings- og serveringstilbodet, og det var grunnlag for ein draum om ei ny hotelltid. Området med dei to sagene blei peika ut som ei høveleg tomt for eit nytt hotell, og trass sterk motstand både frå høg og låg i vernehierarkiet, blei området regulert for hotell og sagene måtte rivast.

Som alltid i slike saker blir bygningane karakteriserte som kondemnable av dei som vil rive. Ein av dei som såg annleis på det var Rolf Sørbø frå Rott. Han tok turen til Sand for å sjå på saga, tykte ho såg bra ut, fekk ho rive på ettervinteren 1995 og fekk «Rottinget», ei stifting oppretta av dei som åtte jord på Rott, til å gå saman om gjenreisinga. Slik gikk det til at Rott fekk ei flott og romsleg storstove med historie som sagbruk på Sand. Oddvar Rott, den pensjonerte tømraren, var ei drivande kraft i gjenreisinga.

Elfrid Rott får det meste til å trivast og gro i hagen sin på den forblåste øya. I drivhuset har ho tomater og grønsaker.


Boka: I Fjordane - Ryfylke Friluftsråd Tekst og bilder fra boka:
I Fjordane - Ryfylke Friluftsråd Tekst - Roy Høyby
Foto - Lise Bjelland
Les mer om boka her