Grøningen

Grøningen er ei lita øy sør i sundet mellom Kvitsøy og Rossøyna, med bru over til Ydstebøhavn. Namnet kjem truleg frå ein stad med god ­grasvekst og saftig beite. «Den irrgrøne fargen på graset er karakteristisk for holmar og øyar ytst i skjergarden», skriv namnegranskaren Inge Særheim.

Frå Gamlekaien i sentrum av Ydstebøhavn er det berre ein spasertur på 5 – 10 minutt ut til Grøningen. På sørsida av Grøningen har Friluftsrådet, i samarbeid med Ydstebøhavn velforening, lagt til rette eit fint friområde med bålpanner, benkar, leskur og toalett ned mot ei vik ved skipsleia gjennom Kvitsøy.

Det er ingen båtplassar i sjølve vika, men på aust- og nordsida av Grøningen er det god plass til å fortøye.

På Grøningen var det mottaksanlegg for reker. Det var Rogaland Fiskesalslag som åtte mottaket, men det blei drive av Richard og seinare Thorleif Ydstebø. På mottaket blei reka pakka i is i 15 kilos kasser og så sendt med båt til Stavanger. Mottaket er sjøhuset som ligg lengst nord på vestsida av Grøningen.

Nabobygget til fiskemottaket er eit sjøhus som vart reist av hummareksportør Otto Ydstebø i 1959. Det var i bruk til 1977, men blei så ståande tomt. I 1995 kjøpte Kvitsøy kommune huset. Formålet var å etablere eit hummarmuseum.

Badeplass - Swimming area Båndtvang for hunder - Dogs in leash Fortøyningsbolter - Mooring bolts Drikkevann - Drinking water Gapahuk - Lean-to shelter Grill eller bålplass - Barbecue or campfire place HC-toalett Infoskilt - Infosign Avfallskonteiner - Waste container Rasteplass - Picknic area Teltplass - Camping site
  • torsdag

    4 ms
  • fredag

    5 ms
  • lørdag

    4 ms

Boka: I Fjordane - Ryfylke Friluftsråd Tekst og bilder fra boka:
I Fjordane - Ryfylke Friluftsråd Tekst - Roy Høyby
Foto - Lise Bjelland
Les mer om boka her