Lådervik / Lodervika

Idsal ligg klemt inne mellom Kvalvåg på fastlandssida og den større øya Idse på vestsida. For mange er Idsal berre ein bitte liten etappe på vegen mot hytta på Idse. Men her har Friluftsrådet tilrettelagt ikkje mindre enn to område, eitt i Lådervika på nord-aust-sida av øya, og eitt i Rekavika (Reksnes) i sør.

Idsalsundet, sundet mellom fastlandet og Idsal, er med i det oversynet over vakre landskapsområde som Rogaland fylkekommune fekk utarbeidd i 1995. I ­rapporten blir Idsalsundet omtala som «et småskala landskapsområde hvor sjøen er det dominerende ­elementet. En rekke nes, lune viker og bukter med ­svabergkyst i veksling med små partier sand- og grusstrand gjør området variert og særpreget. Vegetasjonen ­varierer mellom en del furu, gras og lyng og gir et lukket og intimt landskapsbilde med god romopplevelse. Området er harmonisk med få store inngrep». Inngrepa handlar om hytter i strandkanten.

LÅDERVIKA

Namnet blir skrive på mange måtar, men blir tolka som ein opphaldsstad for sel og kobbe. Namnet kjem av gamalnorsk látr.

Låderviga, eller Lodervik, var husamannsplass under Idsal. Dei første vi veit om var Syvert Sjursen og Kari Håvardsdtr. som slo seg ned der da dei gifta seg i 1865. Det var nokså smått. I starten hadde dei berre noen sauer, seinare fekk dei også ei ku. Og så hadde dei noen små åkerlappar der dei dyrka litt havre og poteter. Dei må ha hatt noe inntekter utanom, og vi veit at dei tok inn fiskarar som overnattingsgjester. Husa ligg bratt opp frå kaiplassen i vika.

Låderviga er ei lun og fin vik for båtturistar.

REKSNES

Reksnes er eit fint område for dagsturar, men ikkje så god for overnatting, da vind og bølgjer frå andre båtar kan vera meir sjenerande her enn andre stader. Fin plass å ta inn med kajakk og telt.

FOREHOLMEN

Foreholmen ligg rett aust for Lådervika er også ein fin stad å gå i land. Holmen er ikkje tilrettelagt for friluftsliv, og det er ingen god overnattingsplass, men det går fint an å gå inn med småbåtar og kajakkar. Sand- og grusstrand.

Badeplass - Swimming area Fortøyningsbolter - Mooring bolts Fiske - Fishing area Gapahuk - Lean-to shelter Gjestebrygge - Guest pier Grill eller bålplass - Barbecue or campfire place Avfallskonteiner - Waste container Ombord- og ilandstigningsbrygge Rasteplass - Picknic area Teltplass - Camping site Toalett - Toilet
Her kan du se en luftig film om friluftsområdet
  • fredag

    2 ms
  • lørdag

    8 ms
  • søndag

    5 ms

Laadervik, nordøst på Idsal har mange bukter og viker som gir gode havner for småbåter.


Boka: I Fjordane - Ryfylke Friluftsråd Tekst og bilder fra boka:
I Fjordane - Ryfylke Friluftsråd Tekst - Roy Høyby
Foto - Lise Bjelland
Les mer om boka her